_DSC9457.jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Avløysarlaget vil vekse

Avløysarlaget vil vekse

03. november 2016

Vang avløysarlag er klar for oppdrag i resten av Valdres.

– Om du ringer vakttelefonen med akutt sjukdom laurdag kveld garanterer vi at du har avløysar i fjøset neste morgon, fortel Ellen Bauer, dagleg leiar i Vang Avløysarlag.

Som eit av få avløysarlag i dalen som framleis leverer «full pakke» tilbyr no laget også tenestene sine til bønder i resten av Valdres.

– Det er framleis ordningar på lønn og rekneskap rundt om i Valdres, men behovet hjå ein bonde er ofte meir enn det, noko vi no tek konsekvensen av, fortel Bauer.

Vang avløysarlag har både landbruksvikar og beredskapsavløysarar. Med sesongarbeidarar er det om lagt 70 på lønningslista gjennom året.

Fleire fordelar


Som så mykje anna er også avløysarordninga ein «jungel» med nye krav, rettigheitar og moglegheiter med jamne mellomrom.

– Vi har til ein kvar tid oversikten over retningslinjene som gjeld. Det er faktisk mange som ikkje brukar opp avløysartilskotet sitt eller som ikkje får med seg alle moglegheitane som ligg i ordninga. Båe delar kan vi hjelpe til med, fortel Bauer.

Arbeidskontrakter, rettigheitar, forsikringar, skjemautfylling, HMS og spørsmål om tilskot er andre eksempel på kva Vang avløysarlag hjelper til med.

– I tillegg står sjølvsagt avløysarlaget for lønnskøyring, naudsynte forsikringar og arbeidsgjevaransvar, fortel Bauer. For alle Avløysarlaget kan også levere tenester til privatpersonar som treng ein handsrekning med praktisk arbeid.

Årets avløysar

Leif Remmen, fast avløysar i laget gjennom nesten 25 år, ble kåra til årets avløysasr i Oppland no i haust. Han er en av mange solide ressursar i laget. 

– Per no har vi tre avløysarar med noko ledig kapasitet så vi kan levere på dagen. Men det er også høve for å knytte seg til avløysarlaget om ein allereie har ein avløysar, understrekar ho.

Den nye daglege leiaren har sjølv drive med mjølkeproduksjon dei siste seks åra, men har no gått over til kjøttfe. Før det har ho mellom anna jobba som marknadssekretær i ei større bedrift og fleire år i NAV med sjukepenger, foreldrepenger, pleiepenger og liknande.

– Alt i alt er bakgrunnen særs relevant for denne jobben og er ikkje redd for skjema, for å seie det sånn. Og er ingen andre tilgjengelege for hasteoppdrag kan eg sjølv ta i eit tak som avløysar, avsluttar Bauer.