Beatrice Bieuville har kapra draumejobben som initiativleiar i Skaperkraft Valdres.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Beatrice er ny motor i Jokerspace

Beatrice er ny motor i Jokerspace

12. oktober 2020

Med eit nytt helgeopplegg og bra med aktivitet gjennom veka er Jokerspace i Ryfoss spydspissen for Skaperkraft Valdres.

– Ein møter folk som er engasjert i samfunnet og som ynskjer å få til positiv utvikling for både samfunnet og borna sine. Med desse felles verdiane i botn, utfordrande arbeidsoppgåver og mykje bra som skjer er dette ein draumejobb, fortel Beatrice Bieuville

Denne sommaren fekk ho jobben som initiativleiar i Skaperkraft Valdres der kontakt med skuleverk og aktivitetar i Jokerspace er hovudoppgåver frå starten av. Samstundes er Halldor Kvale-Skattebo på plass for å jobbe mot næringslivet, mens både dagleg leiar Gudbrand Heiene og styret er tett på drifta. 

Nytt helgeopplegg

Etter brå nedstenging i mars har er no aktiviteten i gang att og nye møteplassar har dukka opp på kalenderen i Jokerspace denne hausten.

– Det er «makerkveld» kvar veke der ein ofte jobbar med eigne prosjekt, men der det også er litt felles opplegg og vi hjelper kvarandre. No er vi også i gang med meir familieretta opplegg kvar tredje søndag, fortel Beatrice.  

Denne helga var det laging av eigne spel på agendaen, og det vert litt ulike tema kvar gong.

– Her er målet å lage opplegg som fungerer for heile familien og nå fram til dei som ikkje har tid gjennom veka til å koma på arrangement.


På lang sikt er Skaperkraft Valdres sitt mål å utvikle skaparkultur i heile Valdres, med mellom anna oppstart av fleire kodeklubbar og makerspacer.

Oppstart av kodeklubb

No etter haustferien er målet å også få i gang kodeklubb i Jokerspace der foreldre og born får ei viktig rolle.

– Oppstartmøte er 15. oktober klokka seks der vi håpar alle som er interessert i å læra meir om koding dukkar opp for å vera med å forme kva dette skal bli.

Kodeklubb er som regel for born frå sju-åtte år og oppover der ein lærar om alt bak panseret på det ein ser på skjerm. Elles er det også opna for tilgang gjennom veka med eige nøkkelkort for den som har prosjekt gåande i Jokerspace.

I november er det ein Fredagskos i lag med Innovangsjon på gang.

– Det vert ein kveld for vaksne med enkel mat og sosial problemløysing, avsluttar Beatrice.

Vi kjem attende med meir om dette og andre aktivitetar seinare.