Leiar for Grindaheim Røde Kors Hjelpekorps, Bjørn Olav Søndrol, var i nettmøte med kronprinsparet onsdag og fortalde om innsatsen og situasjonen i Vang. .
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Bjørn Olav i nettprat med kronprinsparet

Bjørn Olav i nettprat med kronprinsparet

08. april 2020

Rask respons, riktig utstyr og stor arbeidsinnsats frå Grindaheim Røde Kors har vore viktig for å halde kontroll på koronasituasjonen i Valdres. Dette fekk kronprinsparet høyre meir om av leiar for hjelpekorpset Bjørn Olav Søndrol onsdag. 



– Eg blir så imponert over korleis dykk har kasta dykk rundt og og bidreg til denne viktige dugnaden, sa Kronprinsesse Mette Marit direkte til Bjørn Olav etter å ha brukt dei ti fyrste minutta av nettmøtet på situasjonen i Vang og Valdres.

Det var kronprinsparet sjølv som tok initiativ til samtalen i dag. Kongehuset har eit langt forhold til Røde Kors og Mette Marit er den høgste verja for Røde Kors i Noreg.

– Ein merka dei bryr seg. Det var ein varm og fin samtale og kronprinsessa engasjerte seg og stilte mange spørsmål. Eg tykkjer det er eit fint dei tek initiativ til dette og syner at dei setter pris på den vanvittige dungnadsinnsatsen, fortel Søndrol i etterkant av praten.


– Godt samarbeid

Frå 2. mars har test-senteret i Røde Kors-huset i Lundsmarka i Vang sentrum vore operativt. Her er det pensjonert kommuneoverlege Sidsel Offergaard Jevne som har leia testinga med hjelp frå frivillige frå Røde Kors.

– Dei som skal verte testa kjem køyrande inn her i tur og orden, stoppar utanfor døra her og vert testa gjennom bilvindauget. Er folk for sjuke kan vi også køyre ut til dei med beredskaps-ambulansen vår, fortalde Søndrol.

Sikkerheit står øvst på agendaen heile tida då smitte på helsepersonell og frivillige både er personleg risiko og særs negativt for beredskapen.

– Det har vore eit framifrå samarbeid med det lokale helsevesenet. Både opplæringa og tilgangen på smittevern-utstyr har vore på stell og eg lyt rette stor takk til kommuneoverlege Marit i Vang som har vore i framkant heile vegen.

Den nye beredskapsambulansen hjelpekorpset fekk på plass tidlegare i vinter har også hatt ei viktig rolle.

Annleis påske

Grindaheim Røde Kors har no tre lag av to personar som er i døgnberedskap på bil og testing. Elles er det to lag på ekstravakt. Det var akkurat denne kvardagen kronprinsen var ute etter å få høyre meir om.



– Det er veldig fint å kunne høyre direkte frå dei som er ute i felten korleis situasjonen er, sa kronprins Håkon.

På konkret spørsmål om påskeberedskapen, kunne Søndrol informere om at det er langt frå normale tilstandar i hyttekommunen Vang.


– Vi har ikkje vakter i Røde Kors-hytta på Filefjell i år, så det er stille og roleg på den måten. Men bortsett frå dei faste vaktene her har vi god beredskap i fleire av stølsområda i Vang. Alt i alt må eg seie eg er stolt av dei frivillige som konstant stiller opp og bidreg, avslutta Søndrol.