Butikksjef Monica Litangen er godt nøgd med å tilby «Bok i butikk» hjå Joker Ryfoss.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Bokutlån hjå Joker-butikkane

Bokutlån hjå Joker-butikkane

17. februar 2020

No byr både Joker Ryfoss og Joker Tyinkrysset på bokutlån gjennom ordninga «bok i butikk».

- Vi er godt nøgd med å bli på dette som gjev eit endå betre tilbod til dei handlande i Ryfoss, fortel butikksjef Monica Litangen.

Med det er det eit bibliotektilbod frå Tyinkrysset til Ryfoss i Vang, då Joker Tyinkrysset rulla ut ordninga i fjor. 

Basert på tillit

Bøkene i hylla kan du låne utan å registrere deg. Når du er ferdig med boka set du den tilbake i hylla, eller du leverer den på eit bibliotek kor som helst i Norge.

– Heile systemet er tufta på tillit, men vi har gode erfageringer frå Tyinkrysset så dette har vi trua på, seier Åsta Brenna, biblioteksjef i Vang.

Du kan også bestille bøker frå biblioteket og få dei levert hjå Joker Ryfoss. For å bestille kan du enten ringe, sende ein e-post eller logge deg inn i di eiga mappe på www.valdresbiblioteka.no/vang

Du vel då Ryfoss – Joker som hente-avdeling, og boka blir sendt hit. Bokbilen hentar og leverer bøker kvar tysdag og torsdag.