Leif Øyvind Solemsli presenterte sin nye arbeidsgjevar Wyssen avalanche control på næringsfrukost i Vang.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Breidde på næringsfrukost

Stor breidde på næringsfrukost

21. desember 2016

Frå skredsikring til t-skjortetrykk og Kongevegen over Filefjell. Det skjer mykje på næringssida i Vang. 

– Vi sprengjer ut små skred året gjennom langs vegen mellom Tyin og Årdal. Eit pilotprosjekt i Noreg og ein rimeleg måte å sikre ein skredutsett vinterveg på, fortalde Leif Øyvind Solemsli.

Før denne vinteren har han slutta som dagleg leiar ved Intersport Filefjell og starta i det sveitsiske firmaet Wyssen avalanche control.

Tysdag var han saman med over 20 andre var han på årets siste næringsfrukost i Vang.

– I den norske avdelinga er det meg og ein frå Sogndal. Langs vegen Tyin-Årdal jobbar vi på oppdrag frå Statens vegvesen med skredvarsling og sprenging, fortalde Somelsli, som til slutt la til at det nok vart travel romjulstid på han med nedbøren som no er varsla.

Kongevegen med etablering

Bedrifter langs Kongevegen over Filefjell i både Lærdal og Vang har denne hausten gått saman og danna eit eige samvirkeforetak (SA).

– Per no er vi 17 bedrifter som saman skal utvikle reiselivsproduktet Kongevegen over Filefjell, fortalde Lisbeth Engebretsen, tilsett som leiar i nettverket frå 1. september.

Årets sesong langs vegen vart ein opptur på mange måtar, og motivasjonen for å jobbe langsiktig for å gjera dette til ein nasjonal og internasjonal attraksjon i aller høgste grad til stades.

Mykje positivt frå ordføraren

Ordførar Vidar Eltun kom med oppdateringar om stort og smått frå kommunalt hald. Her er noko av det.

  • Elevtalet på Vbu har auka frå 169 i fjor haust til 195 frå januar 2017.
  • Rauddalen er ein varm potet på hyttemarknaden.
  • VA-plan og rekkjefølge i utbygginga av byggefeltet i Ryfoss er på agendaen i 2017.
  • Kommunedelplan for Vang sentrum skal utarbeidast i 2017, mens reguleringsplanen for Øyebakkin vert teke opp att for ferdigstilling neste år.
  • Næringsfondet i Vang er neste år på kr. 950.000,–
  • Mange er godt i gang med planlegging av husbyggging på -Hensåsen.
  • Ryfoss og Øvre Dalen står fyrst på lista over dei områda i Vang det er løyvd pengar til fiberutbygging.
  • Telenor ha lova å oppdatere alle stasjonar med edge–dektning til 4G i løpet av året.
  • Vang lensmannskontor vert oppretthalde som einaste tenestestad i Valdres. Vang kommune støtter sjølvsagt dette. Politimeisteren tek endeleg avgjer 15. januar.
  • Det arbeidast breitt med kommunedelplan for Tyinkrysset. Neste viktige punkt på agendaen er fellesmøte 13. januar mellom alle med interesser på Tyinkrysset.
  • Økonomisk vert det stort bortfall av inntekter for Vang frå og med 2017, noko som betyr innsparingar frå 2018.
  • Vang kommune har sett av 1,5 mill kr til asfaltering av starten på Vennisvegen frå Henskrysset opp på Remmisåsen. 

Ellers held den nystarta og noko kryptiske T-skjorteprodusenten Nitti6nitti ein presentasjon. Årets julegåve? Mens Sven Richard Møller, ny dagleg leiar ved Intersport Filefjell, vert introdusert. Ein kort statusrapport frå Industrivekst Vang og nokre innspel på tampen vart det også plass til.

Neste næringsretta hending i Vang er landbruksdag på Mjøsvang 25. januar i samarbeid mellom Vang sparebank, landbrukskontoret, Innovangsjon og andre.