bugdedyr og glansbilete pressefoto.jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Bygdedyr og glansbilete - korleis står det eigentleg til i Vang?

Bygdedyr og glansbilete - korleis står det eigentleg til i Vang?

10. november 2016

Vang frivilligsentral og Innovangsjon inviterer til sofasamtale med fire vangsgjeldingar, på Vang folkebibliotek, onsdag 16. november kl 19:00

Det er jubileumsår for Tor Jonsson, som skreiv om bygdedyret og sette namn på sterke kjensler om utestenging og frykta for å vere annleis. På facebooksida 'Vang', drifta av Innovangsjon, les vi suksesshistorier om unge par som etablerer seg i bygda, og bedrifter i vekst. 'Alle' framsnakkar Vang utad, og til og med i nabokommunane pratar dei om det flotte som skjer lengst vest i dalføret. Men korleis står det eigentleg til på innsida? Er glansbilete reelt, eller lev bygdedyret i beste velgåande? Korleis blir tilflyttarar teke i mot? Og korleis opplev dei som har budd her heile livet det 'stempelet' som vert sett på kommunen deira? Kva skal til for å vere ein ekte vangsgjelding - er det rom for andre enn friluftsentusiastar og hipstergründerar?

I sofapanelet sit Siv Anita Katevoll, Abdela Ibrahim, Elisabeth Øraker og Tor Jørstad. Siv Anita har vekse opp i Vang og i Øystre Slidre, og har etter fleire år uttabygds tatt over familiegarden saman med sambuaren. Abdela kom som flyktning frå Eritrea for 5 år sidan, og har kjent på kroppen kor vanskeleg det kan vere å skaffe seg eit nettverk i Vang - og kor godt det kjenst når det endeleg losnar. Elisabeth kjem frå Ulnes, flytta til Vang for 23 år sidan, jobbar som ungdomsveileder i NAV og er involvert i familiebedrifta YX i Ryfoss. Tor kom som innflyttar frå Steinkjer tidleg på 70-talet og har jobba i skulen i Vang i mange år, i tillegg til å vere aktiv i politikken.

Eli Belsheim er kveldens ordstyrar. Ho har vekse opp i Vestre Slidre og flytta til Vang for 10 år sidan for å overta familiegarden. Ho har vore både styreleiar og styremedlem i Innovangsjon, og ser fram til å få både utfordringar og løysingar fram i lyset. Samtala vil i hovedsak dreie seg mellom oppvekst, næringsliv, integrering og identitet.

Det blir servert kaffi og noko å bite i, og alle er velkomne!