Christoffer og Thea Kristin har i to år jobba med draumehuset på Bøaflata. No ser dei fram mot å endeleg kunne flytte inn.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Byggjer draumehuset på Bøaflata

Byggjer draumehuset på Bøaflata

29. august 2021
Christoffer Bøe (27) og Thea Kristin Havro Almenning (25) er godt i gang med å byggje draumehuset på Bøaflata. No ser dei fram mot å flytte inn.

- Det er tidkrevjande å byggje hus har me funne ut, spesielt når ein har valgt å gjere alt sjølv, ler Thea Kristin Havro Almenning. 

Det er to år sidan ho og kjærasten Christoffer Bøe kjøpte eit gammalt hus på Bøaflata, med tanke om å byggje sitt heilt eige draumehus. Riving, kledning, støyping, bygging - vegen har vore lang, læringskurva bratt og motivasjonen på topp. 

- Me fekk tilbod om å kjøpe eit svært gammalt hus, til ein relativt symbolsk sum. Dette såg med på som ein veldig god moglegheit til å komme oss inn på boligmarkedet i ung alder, seier Christoffer Bøe. 

 

Gjer mykje av arbeidet sjølv 

Christoffer og Thea Kristin tok tidleg eit val om å gjere mykje av arbeidet sjølv. Dette har blant anna gjort at dei kan byggje eit mykje større hus enn om dei skulle brukt fagfolk til alt. 

- Det er sjølvsagt mykje jobb og det tek lengre tid, men me får jo eit mykje større hus ved å gjere det me klarer sjølve. Heldigvis har me hatt god hjelp av både familie og venar, dei har vore fantastiske og stilt opp, seier Thea Kristin. 

- Me har også utnytta det gamle huset maksimalt. Både med material, men og med tanke på at fyrste etasjen i vårt hus er den gamle fyrste etasjen i det gamle huset. Dette har også spart oss for mange kronasjer, smiler Christoffer. 

Dei legg ikkje skjul på at det tidvis har vore krevande å byggje sitt eige hus, og at læringskurva har vore svært bratt. 

- Ingen av oss er jo snikkarar. Eg arbeider i barnehage og Christoffer som elektrikar. Det er klart at læringskurva har vore bratt og me har lært mykje om ting me verkeleg ikkje kunne noko om, ler Thea Kristin. 

- Men me får jo ein heilt anna tilknytning til huset når me er så involvert sjølve. Samtidig har me betre tid på å bestemme oss og kan forme alt slik me ynksjer, smiler ho. 

- Så er det jo artig, at me faktisk byggjer vårt eige hus! seier Christoffer. 

 

 

Gler seg til å flytte inn 

Tanken er at dei skal bli ferdige med alt utendørsarbeid i løpet av hausten, før vinteren og kulda kjem. Så byrjer den store jobben innvending. 

- Det er ein del arbeid som skal gjerast innvending også, men me er ved godt mot og har tru på at dette blir kjempebra når me blir ferdige, smiler Christoffer. 

No bur det unge paret på ein liten hytte like ved det nye huset på Bøaflata. Aldri har dei vore i tvil om at dei har valt riktig plass å busette seg. 

- Det føles heilt riktig å byggje hus her, me har aldri vore i tvil om det. At me fekk hus og tomt så billig, var ein stor medvirkning til at me bygde akkurat på Bøaflata, men me ville busatt oss i Vang uansett. Det er dette som er heime, og no bur me i nærleik av både venar og familie, seier Christoffer. 

- No ser me fram mot å bli ferdige og endeleg koma på plass i draumehuset vårt, smiler Thea Kristin.