Vemund Hermunstad frå Øye tilbyr servicetenester til hyttemarknaden gjennom selskapet Hermunstads snø- og hytteservice.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Byggjer opp eigen bedrift

Byggjer opp eigen bedrift

20. februar 2020

Vemund Hermundstad frå Øye ynskjer å byggje opp si eiga bedrift frå botnen av og er inne i sin fyrste vinter som serviceleverandør til hyttemarknaden i Valdres.

– Eg er som poteten og kan bidra med kva det skal vera for å gjere hyttekvardagen betre for folk, fortel den ferske gründeren Vemund Hermundstad.

Ved sidan av generelt ettersyn av hytter går det i rydding og brøyting av snø, tynning av skog, måling og sal av ved for den nystarta bedrifta som i hovudsak tek oppdrag på Tyin-Filefjell og Vaset.

– Det er også tett samarbeid med fattern (Nils Torstein) som gjennom sitt firma NTH AS er godt utstyrt med anleggsmaskiner så eg tek også på meg den typen oppdrag, fortel Hermundstad.

Stort nettverk
På dagtid er han elektrikar for Elektromontasje AS, noko han ser på som ei styrke i høve til den nystarta bedrifta. 


– Eg tek alt av oppdrag og om eg ikkje fiksar det sjølv har eg tett kontakt med alle fagfolka i området og kan syte for at det vert fiksa, fortel Hermundstad.

Med fast arbeid og fersk bedrift vert det ofte lange dagar med praktisk arbeid. Det ser han som naudsynt for å lukkast.

- Eg orkar same kva ikkje å sitte i ro særleg lenge så lange arbeidsdagar går greit. Den langsiktige planen er å få dette til å rulle godt året rundt og kanskje leve av det på eit eller anna tidpsunkt.

På Instagram

Før jul lanserte Hermundstad bedrifta med Instagramprofil og han har ellers jobba breitt med marknadsføring i oppstarten.

– Godt nøgde kundar som anbefaler meg til andre er det viktigaste. Men eg har både klistremerker og visittkort i tillegg og ein kompis skal hjelpe meg i gang med facebookside ein av dei neste dagane.

Hermundstads snø- og hytteservice når du på vemund_sh@hotmail.com // 900 59 850