Ivar Brynildsen, Erlend Eggen, Ingjerd Thon Hagaseth, Vidar Eltun og Per Gunnar Stensvaag.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Debatt kommunereform

Få argument for kommunesamanslåing

19. mars 2015

- Om det at ordføraren no får vigsle par er den einaste nye oppgåva på veg til storkommunane, kan eg ikkje seie eg er særleg overbevist, konkluderte ordførar Vidar Eltun mot slutten av kommunereformdebatten i Vang.

Ordføraren hausta latter og applaus for konklusjonen. Og om ein mest mogleg nøytralt skal konkludere med stemninga i panelet og salen denne kvelden, var det få som ivra for ny kommunestruktur og endå færre som kom med dei gode argumenta for endring i han.

Det var Vang folkebibliotek og Vang frivilligsentral som onsdag kveld skipa til debatt–kveld med kommunereform som tema. Lokal gründer Erlend Eggen, politikar frå Etnedal Ingjerd Thon Hagaseth, ordførar Vidar Eltun og SAS-kaptein Per Gunnar Stensvaag frå Trysil var i panelet, mens redaktør i lokalavisa Ivar Brynildsen leia debatten.

Her er eit redigert referat av dei viktigaste punkta i debatten, for alle som ikkje var der:

Innleiande tankar

Erlend: I vang har ein fått trygg oppvekst med korte linjer til makta og mange arenaer til å engasjere seg. Dette har ført til ein engasjert generasjon og ei kommune som spelar på lag med gründerar. Regionalt samarbeid er ei mykje riktigare løysing enn kommunesamanslåing.

Ingjerd: Situasjonen i dag er ikkje den vi skal samanlikne med. Ting endrar seg dei neste fem åra og små kommunar får dårligare råd. I for eksempel Etnedal vil dette ramme skula hardt.

Vidar: Opplever inga krise i Vang og meiner svartmålinga av kommuneøkonomien om fem år er feil. Er bekymra for innbyggjartala og færre elevar i skulen, men vil det verta fleire folk i Vang med ei storkommune?

Per Gunnar: Ønsker seg eit desentralisert samfunn. Trur det er lurt på mange måtar. Syner til mange eksempel på bygder som har forsvunne på grunn av samanslåing. Understrekar at økonomiskremselen er overdrive, det står svart på kvitt at alle kommunar skal ha eit godt tenestetilbod, samt at det ikkje er nokon tal som syner at det er noko å spare å samanslåing.

Skule

Erlend: Vi hadde hatt fint lite å seie i debatten om skulestruktur om den var leia frå Fagernes. No har vi i alle fall hatt ein prosess der folk har fått moglegheit til å seia si meining.

Ingjerd:  Ikkje einig med Erlend i at folkevalte i ei storkommune ikkje vil vera opptekne av kvalitet på skulen i Vang. Understrekar at kvalitet på tilbod heng saman med størrelse og at det er sunt med større miljø på til dømes ungdomstrinnet.

Vidar:  Meiner skulen i Vang kan verte ramma når økonomien i ei storkommune byrjar å knipe. Ein legg jo ikkje ned skulen på Fagernes…

Per Gunnar:  Finnes mange eks-kommunar som manglar både skule og barnehage. Fortel om eit eksempel frå Trysil der ein tidlegare sterk utkant no blir avfolka og har mista både sjukeheim, skule og barnehage. Kan samanliknast med Vang.

Fagmiljø

Erlend: Samarbeid er viktig. Ein lyt sjå på det totale tenestetilbodet og sjå kva som best løysast lokalt og kva ein best kan samarbeide om. Minnar om at samarbeidet i Valdres allereie er godt og blir lagt merkje til nasjonalt.

Ingjerd: Det er mye ressurskrevjande dobbeltarbeid i Valdres. Meiner det interkommunale samarbeidet i dag er uoversiktleg og og at dei folkevalte har gitt frå seg kontrollen på ein del fagområde. VKR og VLMS er to eksempel.

Vidar: Arresterer Ingjerd, sit sjølv i fleire styre og meiner kontrollen på dei interkommunale samarbeida er god for dei folkevalte. Understrekar at det er uhaldbart for mange å køyre til Fagernes kvar dag, og at lokalkunnskap også er viktig kompetanse. Noko brannen på Høgeset er siste eksempel på.

Per Gunnar: Meiner heile kommunereforma burde vore droppa då det vart avgjort å ikkje legge ned fylkeskommunen. Understrekar at regjeringa bruker kommunesamanslåing som svar på alt, men at dette er ein stor feil

Demokratireform?

Spørsmål frå salen: Med ei storkommune får Vang to av tjue plassar i kommunestyret. Korleis kan ein kalle det ein demokratireform?

Per Gunnar: I Luxembourg ville det som skjer i Noreg vorte kalla diktatur. I Brasil deler ein opp kommunar når dei vert for store.

Ingjerd: Ved at fleire oppgåver vert lagt til kommunane vert det ein demokratisk reform.


Meir tyngde som ein stor?


Vidar: Så lenge vi er seks ordførarar er vi mange til å påverke dei sentrale styresmaktene. Det er meir ein fordel enn ein bakdel å vera seks. Det verkar same kva som at Valdres med 18000 innbyggjarar ikkje har tyngda til å få mange nye oppgåver.

Ingjerd: Ikkje noko eintydig svar. Med definerte ansvarsområde for dei seks ordførarane, som det er i dag, fungerer det greit.

Per Gunnar: En einsleg spirivipp frå Valdres har mykje mindre tyngde enn seks ordførarar frå ulike parti som står samla.

Kva med Vestre Slidre?

Frå salen: Fagernes som by og omlandet rundt har ulik historikk og situasjon. Naturbruk vs. service. Kan ei samanslåing med Vestre Slidre vera like lurt, for å styrke omlandet kring Fagernes? 


Per Gunnar: Minner om at det ofte vert riving og sliting i ulike delar av ei kommune ved spørsmål som dette. Dei i sør vil ynskje seg mot Fagernes mens dei i nord kan vera interessert i Vang.

Vidar:  Må sjå vestover og på andre samarbeid. Vang tek gjerne ein prat med Vestre Slidre.

Ingjerd
:  Kva er Fagernes utan omlandet og kva er omlandet utan Fagernes?


Vidar: Må passe på å ikkje bruke FOR mykje energi på å utgreie kommunestruktur.

Erlend: Det er eit viktig poeng. Vi har klare mål i Vang og bør ikkje bruke mykje tid på å utgreie noko vi ikkje vil ha.

Per Gunnar: Viktig å ikkje stole på skjebnen. Det er fleire eksempel på at ein kan droppe utgreiing. Seier ein nei så vert det nei. Husk det!

Korleis gjera seg opp ei mening?

Frå salen: Korleis finne ut kva ein skal meine? Dette kjenst som å hoppe frå stupetårnet utan å veta kva du landar på eller i.

Erlend:  Dei aller fleste føler det nok litt på den måten.

Ingjerd: Viktig å sjå framover. Ingen eig fasiten.

By/land

Frå salen: Dette med by/land er viktig. Verkar som staten vil satse på by-regionar og her vert også Fagernes for liten. Med begrep som sentrum og «junkland» - kva skjer med verdien på eigedom i for eksempel Vang?



Ingjerd: Deler bekymringa for at regjeringa har ein lite uttala fjell– og distriktspolitikk. Vi lyt jobbe tverrpolitisk for å få vår del av befolkningsauken.

Folkemeininga

Frå salen: Avisa–Valdres sin undersøking syner at 70 prosent vil ha endring på strukturen. Dette stemmer dårlig med tal frå før jul gjort av seriøst opinions-byrå på vegne av fylket. Vang er her spesielle og har ikkje trua på korkje kommunesamanslåing eller betre tenestetilbod om vi gjer det.

Frå salen: Vang er ei robust kommune samanlikna med andre. Etter nokre år som storkommune kjem stoltheita og samkjensla over å vera frå Vang å vera borte, så det er ingen veg tilbake om vi no slår oss saman.

Frå salen: Det er greit å bu i ei utkantkommune. Å vera utkant i ei storkommune er noko heilt anna. Eg tykkjer den einaste fordelen som har kome opp her i kveld er at det er greit å ha eit fagmiljø å diskutere med i lunsjen. Det held ikkje.

Frå salen: Er det tal vi ikkje kjenner til i høve inntektene framover?

Vidar: Vi veit ikkje fasiten der.

Erlend: Meiner Avisa–Valdres er ubalansert i sin dekning av kommunereformen. 

Per Gunnar: Har ingen fasit, så kvifor dette hastverket? Denne reforma vart utgreia på to månader. Ser ein i gamle rapportar er det dommedagsprofetier an mass. Så det vi høyrer frå regjeringa no er akkurat det same som på 60-70-80-90 og 00-talet. Det er faktisk bra for bygda at det bur folk der. Og det er tru det eller ei også bra for byen.