2D212E1A BF59 45D5 BDD1 532C2D62F768
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Den gode praten med Onsdagskafeen

Den gode praten med Onsdagskafeen

21. juni 2022
Den gode praten står i fokus når eit knippe trufaste medlemmar møtas til Onsdagskafé kvar einaste veke.

SKREVET AV: Ida Nordland Hillestad, Innovangsjon. 

2022 er frivillighetens år! Vang frivilligsentral og Innovangsjon vil difor gjennom heile året hylle frivilligheita i bygda ved å presentere alle lag og foreiningar!

- Det er ein utruleg flott møteplass og veldig sosialt. Her kjem vi for å prate og vera i godt lag, seier Inger Solveig Bøe, leiar i Onsdagskafeen. 

Kvar onsdag gjennom nesten heile året møtes nemleg ein meir eller mindre fast gjeng på Onsdagskafeen. Fyrst er det, for den som vil, ein gåtur i eiget tempo i ein times tid, før alle samlar seg til kaffe, vafler og pratefest i Drengestøga. 

- Ein lyt sjølvsagt ikkje gå tur for å komme innom her, det aller viktigaste er jo at me møtast for å prate og ha det triveleg saman, understreker Bøe.

 

Positivt tilbud for alle

Inger Solveig fortel at det alltid er god stemning rundt bordet når folket samlast og kaffen er nytrakta. Ho har vore leiar for Onsdagskafeen i fleire år no og synes det er svært givande å få vera med å skape denne faste møteplassen. 

- Det er jo eit positivt tilbud for heile bygda, og kanskje spesielt for den eldre garde. At dei har ein plass å koma for både å gå tur, prate og vera sosiale trur eg er kjempeviktig. Så er det koselig å høyre at dei sett pris på Onsdagskafeen og at dei synes det er triveleg å koma hit, seier Bøe. 

- Sjølv om Onsdagskafeen er open for alle, er det nok mest eldre her. Det hender seg jo at det kjem nokre barnebarn på besøk, og det er veldig hyggelig, men me har og plass til endå fleire i alle aldre, smiler ho.

Kvar veke er det nemleg to vaffelansvarlege som får i oppgåve å både lage røre og steike opp vafler til turgåarane kjem attende i 12 - tida. 

- Me er omslag 20 damer som rullerer på å steike vafler gjennom året, så det er lite heft og mest triveleg. Me får 100 kroner for vaffelrøra vår. Så får alle vafffelsteikarane ein påskjønnelse til kvar jul, for den gode jobben, seier Bøe. 

- Det er heller ingen store utgifter, det er kun 30 kr for kaffe og vaffel, så me får det akkurat til å gå rundt, og det er jo det som er meininga, smiler ho. 

 

Går tur i all salgs vær 

Og for den som vil er det alltid moglegheiter for å gå seg ein rundtur i sentrum før gjestebøe byrjar. Alle understreker at ein går i akkurat det tempoet ein vil, og akkurat kor langt ein vil. Og vil du ikkje gå? Så er det også heilt greit! 

- Det er ingen tvang her, me er heilt frittgåande, ler Oddny Neshagen. 

- Men me går i all slags vær. Vind, regn, snø, storm, alt mogleg. Me har heldigvis ikkje blåst bort endå, legg ho til. 

Dette er nemleg ein gjeng som er trufast mot sine tradisjoner. Ja, til og med gjennom koronapandemien held dei på med både turgåing og Onsdagskafé. På nesten vanleg vis. 

- Vi gjekk samme runde som før, også køyrde me burt til Mjøsvang kafé. Så fekk me dei ansatte der til å steike vafler for oss. Der kunne me og sitte med stor nok avstand, så det var heilt supert, smiler Bøe.

 

Et høgdepunkt kvar veke 

For nokre er Onsdagskafeen vorte ein særdeles viktig treffpunkt i bygda, der ein møter folk frå heile Vang og kan snakke om både stort og smått. 

- Det er eit høgdepunkt kvar veke å dra på Onsdagskafeen. Det er både triveleg og sosialt, samstundes som ein får gått ein tur. Det er ein viktig møteplass for veldig mange, seier Greta Berge. 

Både Greta og Oddny Neshagen har vore med heilt frå onsdagskafeen vart etablert for mange år sidan. Trufast har dei kvar veke møtt opp på Drengestøga.

 - Eg tror noko av grunnen til at det har fungert i så mange år, er at det er forutsigbart. Det er samme klokkeslett og samme dag kvar einaste veke. Samstundes er det verken påmelding eller møteplikt, så du har moglegheiten til å bestemme heilt sjølv, og det er veldig godt, seier Neshagen. 

No går den trufaste gjengen ut i ein sumarferie og sett vafler, kaffi og gåtur på pause, heilt til dei startar oppatt i starten av september.

- Me har alltid plass til fleire blide fjes her i Drengestøga. Om du vil vera med er det berre å møte opp 7. september for tur og sosialt. Men fyrst skal me ha ei sumarferie, smiler leiar Bøe.