Ragnhild Lund (43)
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Drar i gang spel i Vang

Drar i gang spel i Vang

24. september 2019

Produsent Ragnhild Lund meiner det er for mange gode historier å velje mellom til å ikkje gjera eit fullverdig spel i Vang.

– Då eg flytta opp hit for nokre år sidan var eg verkeleg ikkje klar over alle dei fantastiske historiene som var herifrå. Du har Gyda på Kvie som er langt meir enn eit «nei» og verkeleg viktig for den nasjonale historia. Eller til dømes Skule Bårdsønn, Henrik Ibsen, Ridderspranget, Hulabakken og Madam Anker - alle viktige nordmenn som har sterk tilknyting til Vang, fortel Lund.

Kva tema som ender opp som spel er ikkje landa, men bygdehistorikar Sigfred Hovda er godt i gang med å finne fakta bak eit godt spel.

Arenaen er heller ikkje landa endå, men Gardalen på vestsida av Begna mellom Tveit og Kvismoen er ein favoritt hjå Lund.

– Lengst inn her er eit naturleg amfi som egnar seg perfekt til eit spel. Det er elles kort veg frå E-16 og godt med plass for parkering. Det hadde vore stas å få til noko der!

Alle invitert

Foreløpig er det heile altså på skissestadiet og Lund inviterer alle interesserte med på laget.

– Det flotte med spel er at dei på scena berre er ei av fleire viktige brikker for å lukkast. Kostymer, kaffe, kablar, administrasjon og så vidare - dette er eit lagspel av dimensjonar og eg er avhengig av engasjement frå bygda for å gå vidare med planane.

Fyrst på programmet står eit informasjons- og inspirasjonsmøte på Åsvang skule 27. september frå 20 til 22.

– Akkurat dette er berre for vaksne for å drodle litt rundt idear og sjå kven som kan tenkje seg å styre med dei ulike områda. Målet er å etablere eit styre i etterkant av denne kvelden og legge ein plan som endar opp i spel sommaren 2020.

Kulturskulen i Vang er allereie på banen som samarbeidspartnar i oppstarten.

Gruppene

Dette er kva som kan vera naturlege grupper for spelet neste sommar.

  • Historie/tekst – i samarbeid med Ragnhild
  • Scenografi/Scene
  • Kostyme
  • Rekvisittar
  • Lyd/Lys
  • Hestar
  • Områdesjef – strøm, skift - garderobar, parkering, publikumsområdet.
  • Servering
  • Økonomi/budsjett/billetter
  • Marknadsføring og sosiale media
  • Søknadar
  • Statistar/aktørar
  • Skodespelarar
  • To aktørgrupper - vaksne og barn

Vil du veta meir? Møt opp på Åsvang skule 27. september frå klokka 20. Eller kontakt Ragnhild Lund ronnie.lund@gmail.com //970 37 032