Fredag klokka sju vert det konsert med Fjellblom musikklag og tale frå ordførar Vidar Eltun i høve frigjeringsdagen.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Drive-in-konsert 8. mai

Drive-in-konsert 8. mai

05. mai 2020

Som første arrangement ut etter oppmjuking av korona-reglane inviterer Fjellblom musikklag til drive-in-konsert ved Vbu klokka sju fredag.

– Det blir typisk vår-repertoar med marsjer og kjende låtar, fortel Jon Eggen frå Fjellblom musikklag.



Reint praktisk held musikklaget seg på den eine sida av gjerdet, mens publikum er på andre sida av gjerde.

– Vi følgjer sjølvsagt retningslinjene og har grensa ved 50 tilhøyrarar, dei 25 fyrste for også høve til å koma ut av bilen, fortel Eggen.

Også ordførar Vidar Eltun stiller opp og held ein liten tale i høve frigjeringsdagen.

På formiddagen same dag vert det ei enkel markering ved 1814-minnesteinen ovanfor Vangstunet med skule-elevar og ordføraren. Denne kan alle andre kan få med seg denne via facebooksida til Vang.