Ivar Søndrol startar no eigen bedrift som tek film og foto ved hjelp av drone.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Dronepilot

Høgtflygande bedrifts–etablering i Vang

05. mai 2015

 Ivar Søndrol (62) har orden på både utstyr og papir når han no startar som «dronepilot» med moglegheit for å ta film og foto frå lufta.

– Det starta for eit par år sidan då eg såg ein film frå Island. Den var filma med drone og imponerte meg stort. Eg tenkte at med såpass mykje flott natur som vi har i Vang, så hadde det vore artig å gjera noko liknande her.


Som tenkt så gjort. Ivar skaffa seg drone og byrja å lese seg opp på kva som krevjast for å verta sertifisert pilot. Alle kan nemleg fly drone på privaten, men Ivar såg moglegheiten til å drive kommersielt, og då er det krav om både ansvarsforsikring, søknad til luftfartystilsynet og ein omfattande operasjons–manual.

– Det gjekk heldigvis greitt, og eg er no einaste dronepilot i Valdres med sertifisering til å drive kommersielt, fortel Ivar.

Mange moglege marked

Drona til Ivar er eit radiostyrt quadrokopter med fire rotorar og fastmontert kamera. Med fjernkontroll til flyginga, og eigen app på telefonen til å styre kameraet, kan han ta både foto og film frå lufta.


- Droner har gjort «flyfoto» meir tilgjengeleg. Det kan vera aktuelt å bruke foto/film for fleire bedrifter, til dømes eigedomssal, turistdestinasjonar, forsikringsselskap, fjernsyn, kommuner, statlige organ, gardsbruk og privatpersonar. Også dokumentasjon av naturskade er eit mogelg bruksområde, og det dukkar stadig opp nye område der drone er aktuelt. 

Han har allereie vore i kontakt med NRK på Lillehammer, og denne våren arbeidar han med oppstarten av firmaet «Fuggel».

Eigen konto på Youtube.com er også oppretta og her er fyrste filmen Ivar har lagt ut.