Bak den godt synlege gamle mølla i Øye går ei trapp ned til det gamle Eidsfoss kraftverk som vart sett i drift i 1923.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv E-verket underviste 10.-klassingane

E-verket underviste 10.-klassingane

02. desember 2020

Måndag fekk tiande klasse i Vang innsyn i både kraftverkhistorie, energiprinsipp og moderne straumproduksjon gjennom eit samarbeid mellom Vang Barne- og ungdomsskule og Vang Energiverk.

Fyrste stopp var Eidsfoss 1 «Øye kraftverk og mølle». Dette kraftverket vart starta av grunneigarane i området på starten av tjuetalet og leverte straum frå 1923 - 1953.

– Generatoren her gav ein effekt på 100 kW og alle gardane eigde ein del kvar. Når mølla over her skulle nyttast laut alle som var kopla på nettet få beskjed så dei fekk slått av straumen, fortalde Tor Martin Iversen frå Vang Energiverk. 

Saman med Nils Arne Skeie og tidlegare E-verksjef Johannes Kasa, var dei på plass i Øye for å undervise elevane om straum, straumproduksjon og e-verket si historie. 

Det gamle kraftverket står akkurat som den dagen straumen vart kopla frå på 50-talet. Sjølv om mykje no er annleis i eit kraftverk er prinsippa dei same og det gamle utstyret fungerer godt for å syne kva som lyt til for å produsere kraft.

– Energien lagrast ikkje i straumnettet og lyt nyttast med ein gong. Lagring av vatn i magasin er måten difor viktig for jamn produksjon gjennom året. I dette gamle kraftverket er magasinet omtrent som eit symjebasseng, så ein var avhengig av vatn i elva for å ha produksjon, fortalde Iversen.

Neste stopp på turen var Eidsfoss 2 som sett i drift i 1953 og oppgradert i 1984. Her fekk elevane lære om meir moderne kraftproduksjon og sjå kreftene som er i sving på nært hald. Før retur til skulen var dei også innom på Lerhol gard for å sjå på biofyringsanlegget der.