Om lag femti personar hadde teke turen til Leriholshøgda for å sjå kva denne «Eldmølla» var for noko.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Eldmølla opna

Eldmølla opna

22. mai 2017

På Leirholshøgda i Vang opna fredag ei spektakulær badstove på kanten av eit elvejuv.

– Vi har hatt lyst til å gjera noko spesielt ut av dette området lenge, og gjennom samarbeidet med NTNU og Innovangsjon tykkjer eg vi har fått til det, sa grunneigar Knut Lerhol til dei om lag femti frammøtte under opninga fredag.

Då hadde 18 internasjonale arkitektstudentar frå NTNU i Trondheim arbeida 11 dagar i strekk med bygget. Inkludert teikning, prosjektering og annan planlegging har dei lagt ned om lag tre årsverk i prosjektet.

Spektakulært NTNU-samarbeid

Heile konstruksjonen er ein kombinasjon av i bru over elvejuvet med integrert badstove på sørsida. Det går stiger i alle retningar frå Eldmølla, og utsynet frå stølslandskapet på Leirholshøgda er verdt turen i seg sjølv.

Her er mange lekre detaljar med ei kunstig elv under brua som ender opp i ein liten foss inne i sjølve badstova som den heftigste. Denne detaljen har også gjeve prosjektet namnet Eldmølla.

– Det har vore intense dagar sidan vi kom hit og byrja å grave berget fram frå snøen. All ære til studentane som har stått på dag og natt for å realisere prosjektet, sa ein sliten med nøgd byggeleiar August Schmidt frå NTNU under opninga.

Eldmølla er tredje prosjekt i eit samarbeid mellom NTNU og Vang. Frå før er det bygd badstove på kommunehusstranda og «Leikegøta» knytt til eit nytt bustadområde på Hensåsen.

Bruk badstova!

Det er at noko småpirk før badstova er heilt klar til bruk. 7. juni har grunneigar Knut Lerhol sett som opningsdato.

– I starten går booking av badstova gjennom meg, så får vi sjå korleis vi legg det opp etter kvart, fortel Lerhol. Han understrekar at det no manglar sikring og rekkverk og at folk som nytter området lyt gå forsiktig fram.

Badstova er hovudsakleg finansiert av grunneigar sjølv. Ved sidan av dette har 34 personar bidratt med nesten 10.000 kroner til prosjektet gjennom folkefinansiering på internett. Vang kommune har også støtta rasteplassdelen av prosjektet med 10.000 kroner.