Bjørg Olimb og Tone Grønning Lajord i diskusjon med Tore Hagebakken og Stine Renate Håheim.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Engasjement for Kvamskleiva

Engasjement for Kvamskleiva

14. februar 2017

Det er stort lokalt engasjement for å få anleggsstart i Kvamskleiva neste år inn Nasjonal transportplan som vert lagt fram for Stortinget i april. Måndag møtte representantar frå aksjonsgruppa AP-folk ved den rasutsette strekninga.


– Dette er den mest rasutsette strekninga i heile region aust og det er ingen grunnar att til at utbetringa her skal skyvast på endå ein gong, sa Bjørg Olimb.

Saman med Tone Lajord og Arve Wangensteen i aksjonsgruppa for Kvamskleiva møtte dei eit knippe AP-politikarar måndag. Mellom dei var stortingsrepresentantane Tore Hagebakken og Stine Renate Håheim, samt Vidar Eltun, Ove Martin Stende og Erik Martinsen Dalåker frå lokallaget.

Solide argument

Stein og is som dett ned i vegbana med jamne mellomrom, samt det smalaste partiet på heile E-16 mellom Oslo og Bergen, fører til skumle situasjonar. Seinast i fjor var det ei dødsulykke på strekninga.

– Vi som bur her vil ha ein forutsigbar og trygg skuleveg og arbeidsveg, mens landet treng det same for aut-vest-sambandet, sa Tone Lajord til Stortingspolitikarane på Valdres-tur.

Det er gjort ei god heimelekse lokalt med å førebu ei utbygging. Av rasutsette strekningar  på riksvegnettet i heile landet, er Kvamskleive ein av svært få som er ferdig regulert og klar til å byggjast. Kvamskleive har legge inne i NTP for 2010-19, for 2014-23 og no for 2018-29.

– No er det Kvamskleive sin tur, sa Lajord.

Ei samla aksjonsgruppe var særs tydelege på raset kjem. Og at det no ikkje er att argument for å vente på at det skal skje.

– Det er ikkje spørsmål om det kjem, det er spørsmål når!

Det hastar

I april vert Stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan (NTP) lagt fram på høyring. To månader etter dette vert den vedteke i Stortinget. Difor er det no heilt avgjerande å syte for at høve for start i Kvamskleiva neste år er med i denne NTPen.

– Hald trykket oppe framover og lag mest mogleg merksemd kring problemet utgjer for lokalsamfunnet og samferdselen, sa Tore Hagebakken.

Både Håheim og Hagebakken delte aksjonsgruppa sin uro for strekninga og dei tok med seg informasjonsmateriell tilbake til Stortinget. Men utan å love noko som helst.

Tydeleg får transportnæringa

«Når Filefjell-tunnelen er opnar denne hausten vert den mest vintersikre fjellovergangen aust-vest endå sikrare, noko som også betyr auka tungtransport. Då er det særs viktig at den tronge og rasutsette Kvamskleiva vert utbetra», uttala Guttorm Tysnes, regionsjef i Norges Lastebileierforbund Hedmark og Oppland, i ein e-post som vert lest opp til politikarane.

Arve Wangensteen som driv bilberging i området gjennom selskapet Vang Auto-Service AS supplerte med eigne erfaringar frå denne vinteren.

– Når vêret er som verst og alle køyrer Filefjell går det ofte bra over der mens det stoppar heilt opp her nede. Trafikken kan rett og slett stå bom fast i fleire timar før vi klarar å få løyst det opp, fortalte Wangensteen.