Terje Eldegard (Bergrosa), Torstein Grøv (Bergrosa),  Anders Hermundstad (Filefjell og Tyin), Aud S. Kvale (Bergrosa), Ronny Laastad (Filefjell og Tyin) Ulf Schjerpen (Jotunheimen eiendom) og ordfører i Vang, Vidar Eltun
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Fellesgodefinansiering

Saman for fellesgode på Tyin–Filefjell

28. desember 2015

«Fjellets fellsgodefinansiering» er namnet på reinvesteringsselskapet grunneigarar og utbyggarar på Tyin–Filefjell har starta. I romjula vart avtale signert og rett over nyttår er målet at dei fyrste pengane skal inn i selskapet.

– Heilt konkret set ein no inn 30.000,– pr selde hyttetomt og 25.000,– pr. selde leilegheit til det nye selskapet, fortalte grunneigar og primus motor, Terje Eldegard.

Skiløyper, turstigar, leikeområde, bruer og marknadsføring av området er tiltak på blokka for å det nye selskapet.

– Ein kan også bruke pengar på skiheis om ein kjem fram til at det er rette måten å bruke pengar på, understreka Eldegard.

Ope for alle

Over åtti prosent av alt areal på Tyin–Filefjell er med i det nye reinvesteringsselskapet. I denne runda betyr det heilt konkret at selskapa Jotunheimen Eiendom (opsjon med Opdalsstølelen grunneigarlag), Filefjell og Tyin (opsjon med grunneigarar i området ovanfor Jokerbutikken) og Bergrosa som er ein samanslutning av grunneigarar.

– Vi ynskjer ikkje å truge nokon til å vera med, samstundes ynskjer vi sjølvsagt at flest mogleg ser potensialet til «Fjellets fellesgodefinansiering», seier Eldegard. På sikt har han og dei andre som no er einige om avtalen god tru på at heile fjellet vert samla i det nye selskapet.

– Med alle med på laget vert summane store, noko som gjev gode moglegheiter til å løfte området, noko som igjen vil gje meir att per tomt som vert seld, fortel Eldegard

Positivt med samarbeid

4. juledag var det klart for underskriving av avtale i kjellaren på Tyinkrysset Fjellstove. Til stades var også ordførar i Vang, Vidar Eltun, som såg lyst på framtida for Tyin-Filefjell.

– Det er særs positivt at ein vert einige om noko - samarbeid har vore eit ynskje frå kommunen heile vegen.

Han meiner det sjølvsagt hadde vore ein fordel om alle partar på Tyin–Filefjell var med frå dag ein.

– Prosessen er i gang. Ein får ta eit steg om gangen og det at det no faktisk kjem peng på bordet til fellesgodetiltak er eit viktig steg i rett retning for Tyin–Filefjell, sa Eltun.

Han kunne ellers informer om at det frå kommunalt hald er fult trykk på ny arealdelplan for Tyin–Filefjellområdet om dagen, og at ein mykje difor no tilsett ein ny arealplanleggar i kommunen. Samstundes vert det bygging av nytt reinseanlegg til våren, og 500.000 er sett av til å planlegge nytt vassverk for området i 2016. 



– Det er bra at kommunen er på ballen i vass-saka. Nok vatn området er ein føresetnad for utvikling, svara Eldegard.

Viktig for Vang

Grunneigarar og utbyggarar som no står saman om fellesgodetiltak er tydelege på at avtalen har mange positive aspekt ved seg.

– Det er mange måtar å sjå avtalen på. Ein av dei er at dette er eit bidrag til å halde hjula i gong for alle handverkarar som driv i området, sa grunneigar Aud S. Kvale.

I utforminga av avtaleteksten har grunneigarane fått relativt frie tøylar av utbyggarane.

– Bakgrunnen for at vi har blitt med nå reinvestering er at den ikkje er knytt mot ein enkelt ting. Det er nemleg sånn at dei store tinga ofte kjem på plass, mens dei små vert utsett og utsett. «Fjellets fellesgodefinansiering» skal bidra med også dei små tinga, sa Torstein Grøv, ein annan av grunneigarane til stades.

Han understreka at det ikkje er summen som har vore hinderet for tidlegare avtaler.

– Det er meir det at vi no har ei avtale som sikrar at ikkje alle pengane til reinvestering går inn i eit stort sluk, sa Grøv.

– Aktivitet på Tyin–Filefjell er ikkje berre viktig øvst i Vang. Det er viktig for heile kommunen! Og men denne avtalen på plass kan det berre gå ein veg, avslutta Eldegard.