_DSC4458.jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Folkemøte Åsvang

Folkemøte om framtidig bruk av Åsvang skule

11. februar 2019

Åsvang skule er i aktiv bruk året gjennom og Vang kommune skipar no til folkemøte for å sjå på korleis det gamle skulebyggjet skal nytjast i tida som kjem.

Bakgrunnen for møtet er ein ide om å utvikle Åsvang til ei kulturscene ved sidan av rolla som samlingspunkt i bygda. 

– Frå kommunalt hald er dette ein ide vi ynskjer å sjå om er realistisk å få til på Åsvang. Det fordrar sjølvsagt at dette vert ei god løysing for  dagens leigetakarar samstundes som det vert rom for dei endringane som krevjast for å få kulturscena til å fungere godt, fortel kulturkonsulent i Vang kommune, Oddbjørn Skeie. 

Møtet vert i gymsalen på Åsvang skule sundag 17. februar frå klokka sju. 

Agenda
  • Status i dag ved Jon Eggen og Egil Haugen.
  • Forslag til framtidig bruk ved Oddbjørn Skeie, saksbehandlar på kultur i Vang kommune.
  • Løysingar til kva ein kan fylle Åsvang med ved Ragnhild Lund/Henrik Ibsen AS.
  • Fase 1-2-3 for eventuell oppgradering av bygget ved Jon Eggen og Ragnhild Lund.
  • Avsluttande debatt der alle kan lufte sine meiningar og tankar.

Velkommen!