Ny brygge på Eidsbugarden er eit godt eksempel på prosjekt som gjev arbeid på kort sikt og aukar attraktiviteten til området på lang sikt.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Framoverlent bruk av næringsfondet i Vang

Framoverlent bruk av næringsfondet i Vang

06. juli 2020

Næringsmidlane ut 2023 er disponible inneverande år, samstundes som det har kome nesten ein og ein halv fylkeskommunale midlar til næringsfondet.

– Med pandemien som bakteppe er det viktigare enn nokon gong at dei som vil noko i næringslivet i Vang får hjelp og støtte, seier ordførar i Vang Vidar Eltun. 

Han lover særskilt behandling av alle søknader, effektive prosessar og kjapp avklaring. Taket på 25% dekningsgrad er også borte om grunnen er god nok, men elles gjeld vanlege retningslinjer for næringsfondet.

– Vi håper denne handsrekkinga frå kommunen kan slå positivt ut på både kort og lang sikt. Eit tiltak som til dømes ny brygge på Eidsbugarden er eit godt eksempel. Det gjev arbeid på kort sikt og det aukar attraktiviteten til området på lang sikt, seier Eltun.

Motoren for busetting

Søknadar til næringsfondet i Vang vert handsama av formannskapet, men før dei kjem dit vert næringsutviklar for Vang, Dag Inge Bruflot, kopla på. 

– Det private næringslivet i ei kommune som Vang er sjølve motoren for busetting og offensiv bruk av næringsfondet er noko av det smartaste ei kommune kan gjera. Eg håpar mange ser moglegheiter i sommar og haust og tek kontakt, seier Bruflot.

Saman med bedriftene ser han då på heilskapen i prosjektet og vurderer alle moglege finansieringskjelder. 

– Etter at korona smalt har vi sett fleire større og mindre bedrifter i Vang som faktisk satsar anten det er snakk om ferdigstilling eller heilt nye prosjekt. Dette har direkte konsekvensar for sysselsetting og busetnad og er gull verdt for Vang, fortel Bruflot.

Har du planer om utvikling i di bedrift, tankar om å starte noko nytt eller ta med næringsverksemd til Vang? Kontakt næringsutviklar i Innovangsjon, Dag Inge Bruflot. daginge@vangivaldres.no  // 95 87 37 57