Dette var fyrste versjon av «Næringskvelds» på Mjøsvang kafe med strålande mat og framoverlente innlegg.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Framtidas næringar på «Næringskvelds» i Vang

Framtidas næringar på «Næringskvelds» i Vang

21. mars 2019

Framtida var i fokus under næringskvelds i Vang torsdag kveld der skaperkraft Valdres utfordra næringslivet i Vang til å tenke innovativt.

– Kan Valdres verta ein del av ein ny verden med teknoligi og forretningsmoglegheiter? Vel, det klare svaret er tja. Vi kan sjølvsagt klare det, men vi lyt henge for å ikkje bli ståande utanfor, innleia Gudbrand Heiene frå Skaperkraft Valdres kvelden med.

Han snakka mykje om teknologisk utvikling og entreprenørskap og Valdres sin posisjon oppi dette.

- I 2050 vil halvparten av jobbane vi driver med vera oppgåver vi ikkje har høyrt om i dag. Tenk over det. Busetting i Valdres er avhengig av arbeidsplassar, så eg meiner vi ikkje har noko anna val enn å henge med.

Han held fram med å utfordre til engasjement kring «makerspace» og kodeklubbar også i Valdres.



– Om vi klarar å vera konkrete framover, snakke om dette og løfte saman i Valdres skal vi klare dette, og då må eg seie det var stor stas då Tom Kjetil Tørstad slo på tråden og lurte på om ikkje vi skulle fylle storstova has i Ryfoss med liv, avslutta Heiene.

Viktige prosessar på kommunehuset

Rådmann Reidar Thune vikarierte for ordføraren denne kvelden og hadde fleire viktige oppdateringar får kommunalt hald. Dette var dei viktigaste.

Ryfoss bustadfelt 
Dette skal byggjast ut ovanfor eksisterande felt i Ryfoss. Ein venter no på å få hogt feltet samstundes som anbodsdokument er på veg ut.

- Målet er å gå i gang med grunnarbeidet til hausten.

Vatn og avløp
– Vi er klar over at mykje utvikling i og rundt sentrum heng på vatn og avløp. Vi har no fått inn tilbod frå eit konsulentfirma for å planleggje dette og vi håpar å ha ein plan klar før budsjetthandsaming for 2020, sa Thune.

Thune informerte også om stå kring Tyinkrysset vassverk.

Tilsetjingar i kommunen
Rådmann Thune sjølv har no sagt opp etter lang teneste for Vang kommune og søkjerlista med åtte personar vart offentleggjort torsdag.

– Formannskapet køyrer denne prosessen og målet er å gjera tilsetjing i kommunestyret 11. april, fortalte Thune.

Dei skal også i gang med prosess kring ny teknisk sjef no straks. Ut over dette er det heile tre stillingar tilgjengeleg på teknisk etat.

– Det betyr at vi har ein pressa situasjon på planleggjar-sida og per no har kommunedelplan for Tyinkrysset prioritet og denne skal også med i kommunestyret 11. april.

Ungt entreprenørskap
Fleire frå Vang var på Teknologidagen Valdres onsdag og kommunen ynskjer å følgje raskt og konkret opp.

– Vi har sett i gang prosess kring å bli med på ungt entreprenørskap no i dag med positive signal frå både skulen og Innovangsjon til å få til noko bra. Det er snakk om å få inn entreprenørskap heilt frå ungdomsskolealder og vidare i utdanningsløpet og det harmonerer godt med den unge satsinga i Vang, avslutta Thune.

Location Vang i gang

Frå LocationVang var Ragnhild Lund på plass og informerte om musikkvideoeinnspelinga på Tyin neste veke.

– Eit forblåst Tyin er kulissane for alt som skjer og vi er godt i gang med praktisk problemløysing for å få musikkvideoen så episk som mogleg. Ambisjonane er store for filmen og den skal mellom anna rundt på filmfestivalar i sommar og haust, fortalte Lund.

Innspelinga går i gang neste veke og filmen er klar kort tid etter det.

Næringsutviklar Dag Inge Bruflot i Innovangsjon informerte kort om nyhende får næringslivet Vang mot slutten, før Kjell Magne Kvale frå Monter Kvismo utfordra Innovangsjon og resten av næringslivet på å gjera ein karrieredag på ungdomsskulen. 

– Det var eit tiltak som har fungert godt tidlegare og som vi gjerne er med på att, sa Kvale.

Resten av dei frammøtte var einige om å prioritere dette.