Geitebonde Randi Ødegården, sauebonde Kjell Gudmund Svien og debattleiar i Nationen, Hilde Lysengen Havro,  i samtale om framtida for landbruket i Vang.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Framtidsretta landbrukskveld

Framtidsretta landbrukskveld

24. september 2020

Den som vil lukkast med direktesal av eigne produkt lyt drive godt på alle nivå og samstundes invitere folk inn. Det var eit av fleire bodskap på temakvelden «Meir enn mat» i Vang tysdag. 

Med utgangspunktet «Korleis kan vi produsere mat i Vang til eit stadig meir kjøtt-kresent publikum?» var tretti deltakarar samla på Vang folkebibliotek tysdag. Det var koronafullt hus og like mange fylgde med på direktesendinga via Facebook.

– Det er matglede i fokus og ikkje sinne og skam som eg ofte føler vert dytta fram for tida, innleia kurator, Julie Forchhammer kvelden med. 

Etter å ha kome til Vang via leiarstillinga for Vinjerock for ei tid tilbake driv ho no eige foretak, har kjøpt seg hus og har vorte ein viktig ambassadør for mat frå Vang. 

– Frå bustaden i Liagardane og fram til kontoret i Vang sentrum kan eg plukke med meg egg, kurv, kjepølse, honning og tomatar på ein god dag, om eg ynskjer det. Det er heilt rått og gjev meg mykje i kvardagen. 

Fem tips frå Frogner

Fyrst ut av innleiarane var Mia Frogner som har lang erfaring i å kommunisere med folk om grønn mat. Ho brenn for at forbrukarar skal ha eit meir bevisst og aktivt forhold til kva ein et og kvar det kjem frå. For å gjera det enklare å omsetje til praktisk kvardagsmat presenterte ho ei kort sjekkliste. 

- Fyrst og fremst går det på å lage mat frå botnen av, samt bruke meir grønsaker og belgvekstar. Deretter går det på å handle frå lokale aktørar og elles tenke sesong i større grad. Til slutt må ein verta betre på å ikkje kaste mat, meiner Fougner. 

I hennar siste bok «Mer enn mett» gjeve ut på det lokale Frisk Forlag er det norske ingrediensar som går att framfor avokado og kokosmjølk. 

– Det gjer meg skikkelig glad å ete potet som er plukka sjølv, og det er eit stort potensiale i å kombinere teknikkane frå andre kjøkken med dei norske råvarene,

Kjøttfritt og plantebasert

Forlagsdirektør Lennart Krohn Hansen delte også ferske inntrykk frå forlagsbransjen, etter tre-fire år med fleire suksessfulle kokebøker i deira regi. 

– For tre år sidan var det nokre få grønne rettar i ei kokebok. No er gjerne halvparten av rettane kjøttfrie. Det har vorte kvardag og naturleg for mange unge å ete mindre kjøt, sa han.

Han støtta også Fougner sitt syn om at fokuset på kva mat inneheld og ikkje minst kvar det kjem frå er ei viktig trend.


Sjølv bur Krohn-Hansen i Kjørlien i lag med kjærasten og kombinerer kvardagen på eit småbruk med forlagsdrift.  

– Det var sjølvsagt langt meir å ta tak i enn eg hadde sett føre meg, men vi er ved godt mot og har ein langsiktig plan om å finne ein god måte å utnytte garden sine ressursar på, sa han.

Mjuk debatt om hardt tema

Geitebonde Randi Ødegården, sauebonde Kjell Gudmund Svien og debattleiar i Nationen, Hilde Lysengen Havro, var kveldens «headlinere» og debattantar. Etter  matpause med kjøttfrie rettar frå Saras mat i Ryfoss stod vegen framover for landbruket i Vang på agendaen.



– Frå 1989 til 2018 har kjøttforbruket auka med 22,6 kilo per år. Veksten er stort sett på svin og kylling, og etter mitt syn et mange feil kjøtt set ut frå ressursane Noreg har å by på, sa Lysengen Havro.

Ho kunne også informere om at kjøttforbruk vekker like sterke kjensler som hijab, klima og rovdyr i Nationen sine kanalar.

Temperaturen på biblioteket var noko lågare med eit fokus på moglegheiter i Vang framover. Tema som teknologiutvikling, REKO-ringar, marknadsføring og ikkje minst korleis ein kan kombinere konvensjonell drift med foredling og direktesal var oppe på agendaen.

– Vi driv konvensjonelt og på mange måtar tradisjonelt. Eg tykkjer dei fleste driv godt for tida, så den jobben Line gjer med å invitere inn folk i produksjonen vår er heilt avgjerande for at vi skal lukkast, sa Kjell Gudmund Svien frå Tyinlam

Dei har dei siste åra seld alt sitt lammekjøt direkte til forbrukar og er særs synlege på til dømes Instagram.