_DSC4891.jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Friluftsområde kartlagt

Friluftsområde i Vang er kartlagt

16. mars 2016

 Alt av friluftsområde i Vang er no kartlagt. Rapporten vert eit viktig verkty for både kommune, privat næringsliv og grunneigarar.

– Rapporten er ikkje juridisk bindande, så dette dokumentet vert fyrst og fremst eit verkty som gjer meir heilheitleg planarbeid lettare, fortel arealplanleggar hjå prosjekteigar Vang kommune, Håkon Berg Sundet.

Viktig for mange

Brorparten av kartlegginga vart gjort i lag med lokale representantar på ein arbeidsseminar i desember. 

– Det var stort engasjement på arbeidsmøtet og tydeleg at mange tykker det er viktig å seie noko om kva for nærområde dei nyttar til friluftsformål. Det betyr at nærfriluftslivet er ein viktig ressurs for mange, meiner prosjektleiar Dag Nordsveen.

Heile kommunen sitt areal vart vurdert denne kvelden. Brukarfrekvens, opplevingsverdi og brukargrupper var nokre av verdiane som vart vurdert.

Her er områdeinndeling og representantar som var på arbeidsmøtet:

Høre – Ryfoss med fjellområda Nødre Syndin, Fjellsendin, Kjøsaraudalen. Vurdert av Tom Kjetil Tørstad (Ryfoss vel) Knut Rogn Tveit (Bondelaget) Mari Rogn Tveit (Høre og Ryfoss IL) Camilla Hålien (Vang Turlag)Erlend Eggen (TurApp)

Åsvang – Vennis
 med fjellområda Hugakøllen, Vennisfjell, Yksndalsbua, Bygdin. Vurdert av Marit Wangensteen (representant for innbyggarane på Åsvang) Terje Karlsen (Fjellblom IL) Jon Lerhol (Bondelaget) Kjell Anders Haugen (Småbrukarlaget) Ragni Almenning (4H) Lars Østbye Hemsing (Vang Turlag).

Vang med fjellområda Syndin, Helin, Smådalen, Skakadalen, Bergsfjellet. Vurdert av Halvor Eggen Pettersen (Vang Turlag) Ivar Hagerup (Grindafjell løypelag og hytteutbyggerne) Eivind Magnus Ellingbø (Bondelaget) Inga Bø (Småbrukarlaget) Unni Sandsengen (Vang IL) Mette Hammerstad (innbyggarane)

Øye – Varpe bru med fjellområda Rødalen, Steinbusjøen, Skyrifjellet. Vurdert av Vidar Eltun (Vang Turlag) Arne Stende( friluftlivsbruker, då Jotunheimen IL ikkje kunne stille) Helge Hermunstad (innbyggarane) Ole Jørgen Tveit (Småbrukarlaget)

Tyin - Filefjell med fjellområda Sulefjellet, Tyin, Eidsbugarden. Vurdert av Leif Øyvind Solemsli (Tyin-Filefjell turløyper + innbyggarane) Gudbrand Karlsen (Vang Turlag) Håkon Berg Sundet (arealplanleggjar) Kari Bø Wangensteen (friluftlivskoordinator i Vang kommune).

Ryddig prosess

Resultatet av kartlegginga er eit kart (sjå i botn av saka), ein verditabell og ein sluttrapport. Alt er tilgjengeleg både her og på Vang folkebibliotek. Rapporten er ikkje berre utarbeida for å lette planarbeidet, det er og ein føresetnad for å opne løyper for motorisert ferdsel i utmark.

– Etter vedtak om å arbeide for dette i Vang var dette ein del av bestillinga frå kommunestyret. Anbod vart sendt ut til tre partar, og TurApp AS fekk oppdraget. Etter innleiande arbeid frå prosjektleiar Dag Nordsveen vart mesteparten av kartlegginga gjort i ein arbeidsseminar med deltakarar frå heile kommunen. Etter dette låg resultatet på høyring ein god månad. Etter at innspel vart teke inn er no sluttrapporten klar og på torsdag vert det orientering for kommunestyret, fortel Berg Sundet.

Verkty for Vang

Kommunestyret, kommunen og alle som vil utvikle bygda har med denne kartlegginga altså fått eit grunnlag ved å sjå kva folk vektlegg og brukar av nærturområde.

– Dei gode snarvegane i nærmiljøa og eit felles ynskje frå alle brukargrupper om betre tilgang til Vangsmjøse er to tydelege innspel til framtidige planprioriteringar, fortel Nordsveen.

Arealplanleggar Sundet skyt inn at ein grunneigar som er riv ruskande ueinig i verdisettinga i kartlegginga ikkje treng å ligge søvnlaus.

– Det er altså sånn at sjølv om eit område her har vorte høgt verdsett i rapporten så har ikkje dette noko juridisk binding. Dokumentet har størst verdi som ei rettesnor fo å syte for enkel tilgang til natur for alle i Vang.