Kvar torsdag stiller klatreklubben med eigne klatrevakter som sikrar ungane frå mottaket som ynskjer å klatre. Foto: Jan Egil Jægersborg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Full fart i Vang klatreklubb

Full fart i Vang klatreklubb

25. november 2018

Med rekordmange medlemmar, fersk nybyrjarvegg og tre faste klubbkveldar tek Vang klateklubb rolla som møteplass på alvor.

– Vi teller ofte over 40 personar frå fire år til pensjonistalder på ein god klubbkveld, fortel leiar i Vang klatreklubb, Knut Lerhol.

Det er no 150 medlemmar i klubben som vart skipa under bygginga av Vangshallen.

Klubb i utvikling

Den fyrste store oppgåva klubben tok tak i var å finne finansiering og prosjektere klatreveggen som vart vedteke inn som ein del av Vangshallen.

– Vi involverte flinke folk og det heile endte med ein vegg vi er stolte av som fungerer godt, seier Lerhol.

I vinter var det klart for neste steg då klatreklubben gjekk i gang med nybyrjarveggen som mellom anna UDI har vore med på å finansiere.  



– Den store veggen er ikkje for dei aller yngste eller heilt ferske, mens den nye veggen er perfekt for å introdusere nye til klatringa. Vi har lagt ned mykje dugnadsinnsats på båe prosjekta og er godt nøgde med det vi har gjeve tilbake til Vang og Vangshallen dei siste åra, seier Lerhol.

Kommunen eig dei to veggane, mens klatreklubben tek seg av oppgåver som innkjøp av klatregrep, skruing av ruter og vask av klatretak gjennom stor dugnadsinnsats og kontigent frå medlemmane. Klubben har også bygd opp eit stort utstyrslager sidan oppstarten.

– Dette er i bruk alle klubbkveldar pluss at både skule- og barnehage får låne dette når dei brukar veggen. 


Neste investering vert eit system som automatiserar sikringa. 

Stort miljø

Tysdag, torsdag og fredag frå 18-21 er altså faste klatredagar i Vangshallen i regi av Vang klatreklubb. Heile 34 frivillige klatrevakter syter for at det er mogleg å halde desse opningstidane gjennom året. 

– Alle torsdagar stiller vi med ekstra vakter som har klatring for ungane på mottaket.

Til saman har nesten 200 stk teke brattkort eller topptaukort, som er eit krav for å kunne sikre, gjennom Vang klatreklubb.

– Sidan klubben er tufta på dugnad har vi om lag halv pris på desse kursa sett opp mot dei fleste andre aktørane. Vi trur det har senka terskelen for mange i Vang til å byrje med klatring.

No før jul har klubben laga både genser og koppar for sal.

– Dette bygger miljø og syter for nokre ekstra inntekter oppå medlemskontigenten. Alt vi får inn vert dytta inn i klubben og ut att til Vang og medlemmane, avsluttar Lerhol.

Regional klatrecup

Vang klatreklubb er fyrst og fremst eit lågterskeltilbod for alle. Liknande miljø har vekse fram andre stader i Valdres og Hallingdal og det er difor skipa til regional klatrecup med Gol, Hemsedal, Leira, Ål, Geilo og Vang som arrangørar.

- Det er artig å møte andre som også er interessert i å klatre. Her er det gratis å vera med på ulike uhøgtidlege konkurranser og alle under femten år får premiering, fortel Linda Jevne. 

Saman med Mari Remmen organiserar ho konkurransen som skal vera i Vang 10. mars.