Nyheit

Ginst treningssenter opna

  Nyheitsarkiv
24. nov 2016
  • Yvonne Solemsli Mæland har starta opp treningssentert Gnist i Vang sentrum i lag med mannen Leif Øyvind Solemsli.
  • Strikkar og kabelapparat av fleire slag er av treningsmoglegheitane hjå Gnist.
  • Gnist har rikeleg med frivekter tilgjengeleg.
  • 10 spinningsyklar er javnleg i bruk på trenigssenteret.
Styrke, spinning og solarium

– Det var på tide å tenne treningsgnisten i Vang att fortel gründer Yvonne Solemsli Mæland.

I starten av november var lyset tilbake i glasa på det gamle butikklokalet i Vang sentrum som fram til i fjor var treningssenter.

– Det burde absolutt vera eit treningssenter i sentrum og når vi såg at det var mogleg å få det til så klinte vi til. Det var artig å få til opning no i november, då vintermånadane er høgtid for innetrening, fortel Solemsli Mæland.

Mange tilbod

Medlemmar får tilgang til både treningsrom, solarium og sirkeltrening som ein del av pakka. 



– Vi har også eit eige ungdomskort til hyggeleg pris. Det er viktig med andre treningstilbod enn fotball i ei bygd Som Vang, seier ho.



Ektemannen Leif Øyvind Solemsli tek ansvar for grundig opplæring i styrketrening for den som ynskjer det.


– Det vert faste tider for vekttrening i starten, det er viktig å gjera ting på rett måte når ein trenar med frivekter, fortel Yvonne.



Spinning og yoga

Dei ti spinningsyklane er allereie i bruk fleire gonger i veka. På nyåret vert det også eit yogatilbod på treningssenteret.

- Eg utdannar meg som yogainstruktør spissa mot born, ungdom og born med spesielle behov og så fort kurset er ferdig kjem 

Det har også kome fleire spørsmål om eit vanleg yogatilbod, noko som kan verta aktuelt på sikt.