Grafisk designer Ingrid Wigdel meiner vi bør bruke stjernehimmel og smart belysning av uteområde til å marknadsføre Vang som fritidsdestiansjon.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Grafisk designar med visjon for Vang

Grafisk designar med visjon for Vang

23. juli 2020

Med stjernehimmelen som bakteppe meiner designar Ingrid Wigdel at Vang har eit særs godt utgangspunkt for syne seg fram som ein berekraftig fritidsdestinasjon. 

- Kvar i Noreg og verda kan du gå ut døra på kvelden, sjå opp og sjå stjernehimmel? Det er få. Men det kan du framleis på dei fleste plassar i Vang og det skal vi nytte til vår fordel, fortel Wigdel.

Ho har fått oppdraget av Vang utvikling om å snikre saman eit standkonsept til bruk under hyttemesser og andre møteplassar med fritidsbrukarar av Vang. 

Langsiktig tanke

Visjonen er at Vang skal vera staden «der barnebarna også får sjå stjernehimmelen», og Vang har ei geografisk utforming som gjer området godt eigna for å kunne behalde stjernehimmelen.

- For å behalde og styrke denne posisjonen lyt smart lysbruk inn i både reguleringsplanar og ryggmargen hjå folk framover, seier Wigdel som har jobba ti år med lysdesign tidlegare. 

Ho er fullt klar over at visjonen går langt ut over rein marknadsføring, men det er positive signal kring tankane frå både næringa sjølv, politikarar og administrasjon etter eit møte på forsommaren. 

- Vi lyser opp uteområda våre heime, i hytteområdene og langs vegane, og for mange handlar det om meir enn å sjå kor ein går: Opplyste uteområde gjer det tryggare å ferdast. Men det gir også lysforureining. Mange set opp ei lampe for å lyse opp tunet, men då verkar det endå mørkare der det ikkje er lys. Summen av alt det kunstige lyset gjer at vi ikkje kan sjå stjernehimmelen frå der vi bur. Altså, vi skal fortsatt lyse opp tuna våre, men meir funksjonell lyssetting og fokus på kvalitetane i nattemørkret vil bringe mykje positivt med seg meiner Wigdel.  

– Ein moglegheit

Smartare lyssetting og fokus på kvalitetane i nattemørkret vil bringe mykje positivt med seg meiner Wigdel.

- Det er viktig at vi ser at dette ikkje blir ei begrensing, men vil gje næringsliv, hyttefolk og vangsjeldningar heilt nye kort på hendene. Å prioritere og bevare kvalitetane som ligg i nattemørket, både for menneske og dyr, vil seie mykje om vår generasjon for dei som kjem etter, fortel Wigdel.

Desse tankane er leiar i Vang utvikling, Leif Solemsli, einig i.

– Dette med stjernehimmel seier umiddelbart mykje om kva verdiar som ligg til grunn i utviklinga av eit område, så eg er positiv til ideen, seier han.

Det vert lagt opp til ei eller fleire samlingar over sommaren for å sjå nærmare på konseptet.