Festivalsjef Julie Forchhammer og Vinjerock inviterte til temakveld «Det grøne skiftet i Valdres» i Vang torsdag.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Grøn festivalkveld

Grønn festivalkveld i Vang

21. april 2017

Vinjerock satsar ekstra grønt dette året og innleia eit omfattande samarbeid med miljøstiftinga ZERO med eit klimaseminar i Vang torsdag.

– Norsk landbruk kan vera med på å endre verda. Det er eg overbevist om. Kanskje den neste nyvinning på miljøfronten skjer på ein gard her i Valdres? undra fagsjef Kåre Gunnar Fløystad frå miljøstiftinga ZERO på Vang folkebibliotek torsdag kveld.

Han hadde då mellom anna servert tre felt der Noreg leiar an i utviklinga av grøn teknologi for landbruket.

– Små maskiner som går på straum og løyser tidlegare traktoroppgåver, samt gjenvinning av nitrogen for å produsere eigen kunstgjødsel og produksjon biogass er felt der vi kjem til å gjera ein forskjell framover.

Bevisst festivalarrangør

Temakvelden «det grøne skiftet i Valdres« samla nesten femti tilhøyrarar på Vang folkebibliotek. Kvelden er startskotet på eit samarbeid med ZERO, som kjem etter fleire år med medveten miljøprofil frå Vinjerock si side.

– Avfall, energi, innkjøp, mat og transport er dei fem hovudområda vi satsar grønt på fortalde festivalsjef Julie Forchhammer i si innleiing.

Alt frå ledlys på scena og vasskraft til fordel for dieselaggregat er element som spelar inn på klimarekneskapen til festivalen.

– For eksempel er kombinasjonen av å tilby skikkelig veggismat kombinert med å selje neste 20.000 måltid med lokalprodusert mat er ein kul måte å vera grøne på, fortalde Forchhammer.

ASKO går framfor

Som Norgesgruppen sitt distribusjonsledd er det store dimensjonar på miljøfotavtrykket til ASKO. 370.000 kvadratmeter med lagerlokale og køyrelengde tilsvarande tre gonger rundt jorda kvar dag er to harde fakta.

– Med den posisjonen vi har i Noreg lyt vi berre a miljøet på alvor. ASKO skal vera bærekraftige og klimanøytrale innan 2020, og det er eit mål vi har ambisjonar om å nå, fortalde Knut Aaland, direktør for kvalitet, miljø og sikkerheit i ASKO.

Mellom anna har ASKO sett opp vindmøller i eigen regi, samt dekka mesteparten av takarealet på lagerbygga sine med solcellepanel. Vidare skal alt utslepp av fossilt drivstoff fasast heilt ut av bedrifta innan år 2020.

– Ein liten men artig greie er at vi ved å endre på farga på lastebilane våre frå blått og raudt (kaffireklame) til kvitt markant senka behovet for kjøling på varme dagar.

Elektrisitet og hydrogen er det ASKO har aller mest trua på framover. Noko som heller ikkje er dumt for fortenesta.

– Lønnsomheita er der om ein gjer dette på rette måten. ASKO grip høve som er der og er på veg til fornybarsamfunnet, avslutta Aaland.

Kortreist Valdres-varme

Frå lokalt hald var dagleg leiar i Valdres Biovarme, John Nordtorp, på plass for å informere om deira kortreiste biovarmeanlegg.

– Konseptet vårt er at vi brukar tømmer og brensel for å lage biovarme. Dette vert fordelt frå varmesentral via røyr og ut til kundane.

Totalt har dei fire bøndene frå Øystre Slidre som driv selskapet fire anlegg rundt om i Valdres. Mellom anna lyt alle større nye bygg på både Beitostølen og Fagernes koplast på røyrsystemet.

– Tømmer tilsvarande 105 vogntog gjekk med til vår varmeproduksjon i 2016. Dette er tømmer som då ikkje vert transportert ut av regionen, understreka Nordtorp.

Dette, saman med redusert behov for andre engerikjelder som olje og gass hjå kundane, meiner Nordtorp at Valdres Biovarme syter for temmeleg klimanøytral produksjon.

Ein annan gevinst ved produksjonen er at småskogen som sprett opp over alt er ideell å fyre omnane med på sumaren og mykje av det som vert rydda langs vegar i Valdres finn vegen inn i deira produksjon.

Grønt landbruk

Samarbeidspartner ZERO stilte med Kåre Gunnar Fløystad som hovudtalar. Han hadde grønt skifte i landbruket som sitt fokus.

– Akkurat som ein forvaltar ein gard sånn at grunnlaget vert betre for den som kjem etter, sånn lyt vi tenke om jordkloda. Der har du bakgrunnen for mitt miljøengasjement, innleia Fløystad.

Han understreka at det grøne skiftet er eit skifte frå fossilt til fornybart. Verre er det ikkje. Heldigvis er det ikkje lenge før også dei mest miljøvennlege løysingane er dei som løner seg best.

– Ta for eksempel biomasse. Der er det eit enormt potensiale for innovasjon. Den nye BMW 7-serien har enkelt og greit 20% kaffigrut i dashbordet sitt. Du veit, etter ein kopp kaffi har ein berre nytta 0,2 % av biomassen i kaffien, fortalde Fløystad.

Vidare kom han med konkrete eksempel på innovasjon og emne til fornying i landbruket til inspirasjon for både bønder og andre som hadde funne vegen til Vang folkebibliotek.

Vang frivilligsentral var god medarrangør for kvelden og streama heile opplegget på si facebookside. (Sjå under. NB: Krev pålogging på Facebook)