Sentrum_Location_Vang_Foto_Anne_Marte_Foer-3657.jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Har du helsekompetanse?

Har du helsekompetanse?

16. mars 2020

I tida framover er det behov for å omdisponere tilsette i kommunen til dei mest samfunnskritiske oppgåvene.

Helse- og omsorg vil få eit større press på sine tenester, og ønskjer å kartleggje innbyggjarar som har formell helsekompetanse eller relevant praksis frå helse/omsorg/miljøtenesten.

Innbyggjarar med helse- og omsorgskompetanse/relevant praksis som i dag IKKJE jobbar i helse- og omsorg: ta kontakt med frivilligsentralen, som formidlar oversikten vidare. Send epost til frivilligsentralen@vang.kommune.no - eller ring 46816473