Sara er i gang med matlaging att og tilbyr heimkøyring av mat får kafeen sin i Ryfoss.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Her kan du handle

Her kan du handle

30. mars 2020

Heimlevering, spesialbestillingar og folkefinansiering - det er mange måtar å nytje og støtte lokale handelsbedrifter om dagen.

Det er vanleg handling og opningstider både hjå Joker Ryfoss og Coop Fjellvang. På Joker Tyinkrysset er opningstidene begrensa, men dei held dørane opne.

Vi kan og nemne at Vang kommune har inngått avtale med Bakriet i Bagn om kjøp av bakevarer, noko som betyr at også Joker Ryfoss tek inn varer frå Bagn frå og med tysdag 31. mars.

Mat på døra

Etter fyrst å ha stengt ned har no Sara´s mat i Ryfoss byrja med utkøyring av bestillingar frå sin rikhaldinge meny. Bestilling via tlf: 92169141/40963351

Det er noko reduserte opningstider med framleis mat å få kjøpt hjå YX Ryfoss og Vang Autoservice AS.

Elles er dette ei god tid for å handle lokale matvarer. Utegris frå Vang tilbyr heimlevering av produkt no og fleire av dei andre produsentane har mat på lager og kan tilby sikker overlevering av dette.

Varer og utstyr

Vårsalet av vinterutstyr vart ikkje som planlagt for butikkane i Vang. Intersport Filefjell  har løyst det med å legge ut tilbod på facebooksida og ha butikken ope nokre dagar til bestemte tider.

Både Belindas hud og velvære og Føsse frisørstudio er stengt for behandlingar men dei sel produkt på bestilling til den som ynskjer det.

Også hjå Tindulf hyttebutikk er det stengt men mogleg å handle for den som tek kontakt, mens Montér Kvismo både leverer ved butikkdøra og køyrer ut varer til heile øvre Valdres. Øye Bygg og bo held ope som normalt.

Støtt og bruk

Krisa rammer hardt og mange i privat næringsverksemd i Vang. Det viktigaste no er å handle lokalt og nytje lokale tenester av alle slag. Både av det som framleis er tilgjengeleg og når situasjonen normaliserar seg.

Eksempelvis har ambassadørar for Fondsbu starta ei kampanje for å støtte opp om Solbjørg og drifta på Fondsbu

Næringsutivklar Dag Inge Bruflot i Innovangsjon, minnar om at det er mykje ein framleis kan setja ut i livet.

- Det er viktig å understreke at det framleis er mogleg å både få utført arbeid og ta kontakt om prosjekt fram i tid. Alle bedriftsleiarar jobbar lange dagar no og er på for både kundar og tilsette. Kanskje er dette tida for å iverksette oppussingsprosjekt i heim eller hytte?