FOTO: Tor Harald Skogheim.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Hyttebygging i framtidas Vang

Hyttebygging i framtidas Vang

07. juni 2022
Bli med på spennande prat og samtale om framtidas hyttebygging i Vang. Fleire gjester kjem på besøk og Hilde Lysengen Havro leiar samtalene og debatten!

Avisa Valdres sin debattserie 'Hytteparadokset' satte i gong diskusjonar om dei ulike sidene ved hyttebygging i Valdres. Også nasjonalt har det blitt mykje fokus på temaet, og no ønskjer vi å løfte diskusjonen i Vang. Velkomen til samtaler og debatt på Vang folkebibliotek onsdag 8. juni kl 19!

Vi spør oss;
* Er hyttetomter ein utømmeleg ressurs - korleis ser vi på arealbruk og næringsutvikling i eit langsiktig perspektiv?
* Kva må vi ta med oss i planlegginga av framtidas hyttebygging?

Fredensborg Fritid presenterer sine tankar om utviklinga på Filefjell, det blir samtaler med grunneigar Torstein Grøv, koordinator i Forum for natur og friluft Innlandet Morten Aas, og kanskje fleir, før våre lokale politikarar rundar av kvelden med ein paneldebatt.

Hilde Lysengen Havro, ansvarleg redaktør i Avisa Valdres leiar samtalene og debatten.