Frå Vang te Vang var slagordet til Vangspelet som skulle produserast i tre og vera basert på lokale spørsmål.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Iderike ungdomsentreprenørar i Vang

Iderike ungdomsentreprenørar i Vang

07. desember 2020

Fire solide elevbedrifter vart presentert under yrkesmessa for tiandeklassingane i Vangshallen torsdag. 


Dette var bedrifter jobba fram fyrste halvår i år då elevane gjekk i niande klasse. Årets niandeklassingar var til stade for å bli inspirert til si runde med elevbedrift på nyåret. Det same var fleire lokale bedrifter og ein solid jury.

– Både idear, gjennomføring av arbeidet og presentasjonen her i dag er på høgt nivå, sa Jørand Ødegård Lunde. Ho er dagleg leiar i Valdres Natur og kulturpark, sit i styret til Innovasjon Norge og har sitte i fleire liknande juryar for ungdomsbedrifter på vidaregåande skuler. 

Juryen bestod elles av Inger Toril Holte Breien frå Ungt Entreprenørskap og Dag Inge Bruflot, næringsutviklar i Innovangsjon. Dei gav ærlege og konstruktive attendemeldingar på alle bedriftane.

Ein Vangsvariant av yrkesmessa vart arrangert vidare ut over formiddagen. Her var Vang rør, Vang maskin, Elektromontasje, Omhu, Skaperkraft Valdres, Kontorfellesskapet 1724, helse, oppvekst og landbruk representert.



– Vi treng folk innan minst femten ulike fagområde om vi skal styrke posisjonen vår som marknadsleiar i Noreg ytterlegare framover, kunne Arve Wangensteen frå Vang Auto Service AS fortelje elevane. Lista fekk elevane med seg heim for å tenke vidare på.

Her er bedriftene som vart jobba fram gjennom fyrste halvår i år. Dei siste vekene har dei jobba fem halve dagar med bedriftene sine der dei har summert opp arbeidet og reflektert over opplegget.

VangSpelet EB 

Ide: Eit brettspel med lokal forankring

Sjå for deg ei reise gjennom Vang der du lyt koma deg forbi trollet under Hemsingbrue eller eit steinras i Kvamskleiva. Det var ideen VangsSpelet EB landa ned på. Gjengen bak var Ine, Andrine, Ole-Viljam, Edgaras og Ylva. Hyttefolk, småbarnsfamiliar og folk i Vang eller med tilknyting til Vang, var hovudmålgruppa. Frå Vang te Vang var slagordet til spelet som skulle produserast i tre og vera basert på lokale spørsmål.

Vinnar beste forretningsplan

The Corky Kids EB

Ide: Ein miljøvennleg kork

Ein kork ikkje laga av plast var ideen til The Corky Kids EB. Eit lite bidrag i kampen for miljøet var bakgrunnen for ideen - tenk på all plasten som endar i havet! Kan ein få til ein miljøvennleg pappkork som faktisk er tett? Det var den store utfordringa. Kunden var ikkje deg og meg, men bedrifter som Q-meieriet og Tine. Gjengen bak var Thea, Elias, Eskil, Steffen, Ida og Emilie.

Vinnar beste ide

Fishing i Valdres EB

Ide: Direktesal av sjølvfiska aure

Er det eigentleg så lett å få tak i lokal fisk? Svaret er nei. Det ville Fishing i Valdres gjera noko med til det beste for både kunde, miljøet og helsa. Med kontroll på eigne marknadskanalar og heildigital betaling var planen klar for salsarbeidet. Om fisken ville gå i netta var økonomien solid og marknadsundersøkinga synte at folk flest både liker fisk og ynskjer å ete lokalfiska aure.  Adrian, Amund, Arminias, Noah og Rikke stod saman om denne elevbedrifta. 

Vinnar beste logo

Vang gjenbruksmarknad EB

Ide: Brukt - og gjenbruksmarknad i Vang.

Av dei femti dei ringte til gjennom marknadsundersøkinga sa 46 at dei kom til å handle på ein sånn marknad og nesten like mange ville levere inn ting dei sjølv ikkje nytta lenger. Ideen fall med andre ord i god jord her i Vang og Jonas, Alan, Kristian, Isabell og Ayana hadde jobba grundig frå ide og heile vegen fram. Både miljøhensyn, økonomi og det å fjerne stigma rundt det å handle brukt var klare mål for bedrifta. Med klar rollefordeling, positiv marknadsundersøking og ein dagleg leiar som var tydeleg på at medarbeidarane var dei beste til å gjennomføre prosjektet, vart denne bedrifta teke særdeles godt i mot og scora høgt i alle kategoriar.

Vinnar beste presentasjon