DSCF5063.JPG
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Innsamling av julegåver

Innsamling av julegåver

15. november 2017

Vang frivilligsental samlar også i år inn julegåver til born som ikkje har så mykje. Vil du bidra?

Dette betyr mykje for dei det gjeld, og vi har fått mange gode tilbakemeldingar frå takknemlege mottakarar dei siste åra! Vi ønskjer gåver som ikkje er pakka inn, så vil styret i sentralen pakke inn og fordele gåvene på best mogeleg måte. Bilete viser fjorårets pakkedugnad.

Vi treng gåver til både jenter og gutar frå 1-17 år. Gåvene kan leverast på frivilligsentralen/biblioteket på Vangstunet fram til 11. desember.