Nyheit

Ahmad har bestått IT-eksamen

  Nyheitsarkiv
26. jan 2016
Ahmad frå Somalia har bestått eksamen som gir internasjonalt sertifikat på at han kan utføre sjølvstendig oppsetning og vedlikehald av IT-nettverk. Her er han saman med lærar Marek Pietrulewicz.
Har internasjonal sertifisering

 IT-prosjektet for asylsøkjarar i regi av fleten.net har gjeve Ahmad Mohamed Ali Obo (33 år) frå Somalia internasjonalt godkjend nettverks-sertifisering.

– Eksamen var vanskeleg, men etter tre månader med grundig opplæring hadde eg kunnskapen som skulle til for å bestå, fortel Ahmad.

Han har no altså eit internasjonalt sertifikat på at han kan utføre sjølvstendig oppsetting og vedlikehald av IT-nettverk.

Fiskar frå Somalia

Ahmad har ikkje skulegang frå heimlandet Somalia, der han levde som fiskar på ei lita øy fram til terrorgruppa Alshabab kom til øya for å rekruttere soldatar.

– Å vera med på drepinga og terroren Alshabab står for var ikkje noko alternativ, så eg flykta og enda opp i Noreg, fortel Ahmad.

Han har vore på Vang mottakssenter dei siste seks åra og snakkar no betre norsk enn engelsk. IT-kurset i regi av fleten.net var ei vitamininnsprøyting i ein ellers noko monoton kvardag.

– Ein lev passivt når ein er på mottak, så det å kunne lære noko nytt var særs artig. Det var vrient i starten, men i løpet av kurset fekk eg alt frå rutarar, konfigurering, switchar osb., godt under huda.

Av dei femten som starta på kurset var det Ahmad som til slutt klarte eksamen, og det var nok ikkje heilt tilfeldig.

– Ahmad var på kvar einaste kursdag. Han møtte gjerne ti minutt før vi byrja, og han var stadig innom kontoret med spørsmål på dagar då det ikkje var kurs, fortel lærar Marek Pietrulewicz.

Gjev moglegheiter

Med sertifiseringa på plass har Ahmad heilt andre moglegheitar enn før.

– Han har no høve til å sjå etter arbeid i heile verda, og difor koma seg vidare frå det fastlåste tilværet som avvist asylsøkar, fortel dagleg leiar i fleten.net, Kjetil Fleten.

Bedrifta har brukt undervisningsprosjektet blant flyktningane til å teste ut ein nyskapande skuleplattform basert på operativsystemet Ubuntu.

– Dette er ein framtidsretta plattform eg har god tru på kan skape fleire arbeidsplassar i Vang, fortel Fleten.

Ved sidan av Kjetil og Marek har prosjektet vorte realisert gjennom eit tett samarbeid med studentar frå Erhvervsakademi Århus.