Nyheit

IT-prosjekt for flyktningar

  Nyheitsarkiv
19. aug 2015
Treng tjue PCar

Fleten.net startar i midten av september eit opplæringsprosjekt retta mot personar med avslag på asylsøknaden. No treng dei 20 gamle pc-ar for å gjennomføre prosjektet.

– Kurset kjem til å ha fokus på OpenSource software og nettverksløysningar frå Cisco. Dette er to ting som er verdsett kunnskap i alle deler av verda. Her kan vi syte for at dei får ein internasjonalt godteken sertifisering på kunnskapen sin, noko som er gull verdt å ta med seg dit dei kjem, fortel dagleg leiar i fleten.net, Kjetil Fleten.

Selskapet har hovudbase i Danmark og ei norsk underavdeling på Kontorfelleskapet 1724 i Vang. Dette prosjektet skal nytte lokalar ved Høre skule og planen er oppstart i midten av september. Så sant dei får tak i dei maskinane som trengs.


– Vi treng verkeleg ikkje dei nyaste maskinane for dette prosjektet, men vi treng ganske mange maskiner. Vi håper difor folk som har gamle maskiner ståande ubrukt heime kanskje kan la prosjektet nytte desse, fortel Fleten. Etter prosjektslutt vil sjølvsagt dei som ynskjer det får att sine maskiner, forsikrar han.

Har du ei eller fleire maskiner til dette prosjektet? Gje beskjed til kjetil@fleten.net