DSC_0147.jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Kan næringslivet i Vang bruke Johaug si suksessoppskrift?

Kan næringslivet i Vang bruke Johaug si suksessoppskrift?

19. juni 2019

“Ja” er konklusjonen etter at Geir Endre Rogn, som til vanleg trenar for kvinnene sitt elitelandslag i langrenn, var innom for å snakke for og med næringslivet i Vang.

– Det er mykje me i idretten jobbar med som kan overførast til næringslivet: måtane ein jobbar og får ting til på, korleis ein presterer og ynsket om å sikre kvalitet i det ein gjer.

I underkant av tretti personar frå elektro, bank, data/IKT, forlag, landbruket, bygg- og anleggsentreprenørar samt ordførar og kommuneadministrasjon var representert på næringsfrukosten med tema "Gode saman" Innovangsjon arrangerte på Mjøsvang kafé onsdag morgon.

Geir Endre Rogn fortalte om kor mykje landslaget jobbar med lagarbeid trass at alle er individuelle utøvarar med individuelle mål. Parallellane til næringslivet i Vang med mange enkeltpersonsføretak og små- og mellomstore føretak vart fort tydelege.

– Det er mange små bedrifter i Vang, men om me brukar det beste frå dei fleste trur eg det kan gjere næringslivet i Vang betre, kjem det frå bakarste rad.

Å spele konkurrentane gode

Tydelege mål, forventningsavklaring og vilje til å gjere endringar har fått norske langrennsløparar opp på pallen fleire gongar, og Rogn råda dei frammøtte om å bake inn noko av det same i deira arbeid. Eit poeng som gjekk igjen var å spele kvarandre gode, sjølv om ein er konkurrentar.

– På elitelandslaget er det tolv utøvarar, og om alle dei deler sitt beste tips, vil ein sitje igjen med elleve tips etter å delt berre eitt sjølv. Det blir eit ganske enkelt reknestykke, sa Rogn.

Ein tydelegare felles profil

Sjølv etter at frukosten var pakka vekk og møtet avslutta vart fleire ståande igjen og diskutere. Den gjengse ynsket verka å vere at næringslivet i Vang bør samarbeide tettare framover, og kanskje stå fram med ein tydelegare felles profil for til dømes vinne større anbod. Å setje eit tydelegare felles mål for kva ein vil med Vang, vil gjere det lettare å både marknadsføre og gjennomføre.

– Foredraget til Rogn gav oss verdifull inspirasjon til korleis me vil ha det for å nå måla våre og prestere. Å drive med målretta, kvalitetsbevisst arbeid er nyttig i dei fleste situasjonar, ikkje berre i eiga bedrift, men óg i dialog og samarbeid med andre føretak, politikarar og kommunen, seier næringsutviklar Dag Inge Bruflot. 

Bruflot var særs nøgd med å få innspel frå idretten.

– Me kikar ofte til kvarandre i næringslivet, men eg trur det kan vere nyttig å sjå til andre bransjar og næringar også, deriblant toppidrett, sa han avslutningsvis.

Framleis mange som er "huga på gard"

På programmet stod også ei oppdatering frå “Huga på gard”-prosjektet, som håpar å snart gå inn i sitt fjerde år. Leiar for prosjektet, Anne Live Garvik, kunne fortelje at ho har meir enn 200 interesserte på lista si, men at det er ei utfordring er å få full klaff mellom potensielle kjøpar sine forventningar og ein av dei 17 gardane som ligg ute.

Fleire er berre interessert i huset og tunet, ikkje i å drive garden og jorda, medan andre berre ynskjer å drive jorda, men ikkje nødvendigvis setje huset i stand. Det var usemje rundt kva retningslinjer ein burde setje for frådeling av tomtar, men fleire var opptekne av å tore å tenkje nytt også om gardsdrift. 

– Me må applaudere både dei som vil drive stort og tradisjonelt, men også dei som torer å tenkje utanfor boksen. Om ikkje er det fare for at dei berre reiser frå Vang igjen, sa ei.