FOTO: Kongevegen over Filefjell.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Kongevegen utvidar med eit sykkeltilbod – satsar på gjenbruk

Kongevegen utvidar med eit sykkeltilbod – satsar på gjenbruk

13. juli 2022
Syklane var kasta i boset og gløymd. No har dei fått eit nytt liv som utleigesyklar langs Kongevegen over Filefjell.

Eit nytt tilbod har kome til langs Kongevegen over Filefjell denne sommaren. Fleire stadar i Valdres og i Lærdal er det etablert sykkelstasjonar der vandrarane som går den historiske vegen mellom aust og vest kan velge å hoppe på ein sykkel i staden for å gå.

- Me har etablert eit sykkeltilbod på strekningar med asfalt. Kongevegen er ein vandredestinasjon. Men eit sykkeltilbod på dei delane av turløypa som ikkje går på den originale 1700-talsvegen har vore etterspurt av gjestene våre, seier dagleg leiar Odd Helge Brugrand i Kongevegbedrifter Filefjell SA.

Sykkelstasjonar er difor etablert i Øye og Hemsingbrue i Vang og på Borgund og Borlaug i Lærdal. Syklane er terrengsyklar av god kvalitet. Men kvar av dei har ein spesiell historie. Samtlege av syklane er nemlig blitt kasta av den opphavelege eigaren.

- Me inngjekk eit samarbeid med selskapet Resport og Fritid som igjen samarbeider med miljøselskapet Resirkula utanfor Hamar. Dei hentar kasta syklar ut av søppelconteinarane på miljøstasjonen og reparerer dei til skikkeleg stand att. Slik er 50 brukte syklar blitt berga til eit nytt liv langs Kongevegen over Filefjell. Dei har nokre riper og hakk, men framstår gode som nye, fortel Brugrand.

Han er stolt over at Kongevegen er med på å vise veg i miljøvenleg retning og meiner dette er gjenbruk av beste sort.

- Kongevegen skal vere ein berekraftig og miljøvenleg destinasjon. Med denne løysinga viser me at me meiner alvor, seier Brugrand.

Syklane er kvalitetssyklar av ulike merke og har kosta ein del i si tid.

- Me har sikra oss syklar som toler bruken langs vegen. Det er mange gode merker her som sykkelfolk vil kjenne igjen. Vårt prosjekt viser at ein ikkje treng kjøpe nytt heile tida. Spesielt når det gjeld utleigesyklar som blir brukt røft og mykje.

Tilbodet er så langt blitt godt motteke av vandrarane.

- På ein enklare og miljøvenleg måte har Vang fått sine bygdesyklar som svar på bysyklane i byen. Alt er gjort i samarbeid med overnattingsbedrifter i kommunen som er medlem av Kongevegen og i forståing med andre som leiger ut syklar i bedriftsnettverket vårt. Syklane kan leigast av alle, både bygdefolk og turistar. Det er berre å gå til sykkelstasjonen, bestille frå Kongevegen si heimeside, finne deg ein sykkel og trille av garde, seier Brugrand.