_DSC3238-Edit_web.jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Konstruktive hytte-eigarar

Konstruktive hytte-eigarar

12. november 2014

Den urørte naturen, både sumar og vinter, er det verkeleg store trekkplasteret for hyttefolket i Vang. Det kom fram i ei omfattande hytteeigarundersøking gjort i vår og sumar som eit samarbeid mellom Innovangsjon og fleire velforeiningar. 

– Fokuset på den urørte naturen er samstemt, sjølv om «urørt» jo har ei anna tyding i dag enn for 30 år sidan. Det er mange som gir uttrykk for at ein ikkje ønsker seg ei utvikling i retning Geilo eller Hemsedal, forteller Jørund Vandvik, engasjert hytte-eigar på Tyin–Filefjell og ein av initiativtakarane for undersøkinga. 

No  håpar både Vandvik og Innovangsjon at både næringsliv og kommune tek til seg resultata.  
– Eg vonar sjøvlsagt at rapporten blir lest og studert og nytta av alle som utviklar området, eller som ønsker å levera tenester til hyttefolket, seier Vandvik, som også nyttar  høvet til å trekkje fram to personlege kjepphestar. 

– Betre tilrettelegging for langrenn tidleg i sesongen, og eit felles fiskekort for området. Det siste vil også kunna legga til rette for meir organisert «fisketurisme», slik som det folk langs kysten jo har gjort med stor suksess, seier Vandvik. 

I denne saken legg vi fram dei viktigaste funna i undersøkinga som hytte-eigarar i heile kommunen har bidrege til. Den som ynskjer å grave meir i svara finn dei viktigaste tala i samandraget. Her finn du også fleire av kommentarane som vart sendt inn av dei som svara. 

LES: samandrag hytteeigarundersøking

Heile Vang

Det verkar som den uberørte naturen, både sumar og vinter, er det store trekkplasteret på hyttefolket i Vang.

Vinterstid er langrennsløyper viktigare enn alpinanlegg - og minst mulig skutertrafikk eit absolutt krav.

Tilgang på lokal mat i butikkane, samt vidareutvekling av eksisterande butikkar og eteplassar vert trekt fram av mange. Det same gjeld tidleg prepping av langrennsløyper. Arrangerte aktivitetar er også noko mange etterspør. 

Handverkarane i bygda får generelt sett skryt, sjølv om fleire kommenterar at dei kan vera vriene å få tak i - særleg om det er snakk om mindre jobbar eller reklamasjonar.

Elles er det fleire som meiner nettleigeprisen kommuna tek for hytter er alt for høg. At politikarane held trykket oppet for at vegane både mot aust og vest vert betra er og eit ynskje, då køyretida til Vang er i lengste laget for mange. 

Tyin–Filefjell

Det som dukker opp aller oftast i kommentarane er ynskje om tidlegløype for langrenn. Gjerne i kombinasjon med gå/sykkel-sti rundt Otrøvatnet. Eventuelt at det vert preppa på vegen inn mot Tyinholmen. 

Elles er det mange som ynskjer seg utbygging av heisen og meir stabil drift, men ingen ynskjer seg i retning av Geilo og Hemsedal - området lyt halde på sitt særpreg. 

Fiskekortløysinga i dag får SLAKT - den må verta betre. Helst eit kort til fornuftig årspris. Taxitilbodet er også for dårleg og det fråverande samarbeidet mellom grunneigarar på Tyin–Filefjell vert trekt fram som negativt av fleire. 

Tilgang til lokalmat på Jokeren, samt betre tilgang på basisvarer i høgtidene er viktig. Elles er det mange gode kommentarar om servicenivået på butikkane og nokre konstruktive innspel til forbetringar på overnattings– og serveringsbiten i området. Bra take-away er eit ynskje, elles er videreutvikling av eksisterande mat-tilbod meir etterspurt enn nye. 

Det verkar som det er ein marknad for «småoppdrag» som skifting av benkeplate, måling, og generelt hyttevedlikehald no når mange av hyttene byrjar å vera nokre år gamle. 

Eidsbugarden

Transport er noko som opptar mange. Når beltebilane går er det greitt, men elles lyt det vera moglegheiter med skuter heile vinteren. Samt at ein helst ser lengre sumarsesong på bilvegen. 

Søppelhandteringa vert trekt fram som særs dårleg, særleg på vinteren. Her opplever ein at det betalast for ei teneste ein ikkje får. 

Elles er det viktig å behalde roa i området for den som har hytte på Eidsbugarden. 

Resten av Vang

Tilgang på eteplassar, samt kanskje litt sportsutstyr på butikkane vert trekt fram som forbetringspotensiale. Oftare og tidlegare preparerte skiløyper er og noko ein ynskjer seg. 

Kven har svara?

347 hytteeigarar har svara. Av desse held 247 til i Tyin–Filefjellområdet, 80 på Eidsbugarden og resten i andre delar av kommunen. Omtrent like stor andel kjem «Autafjells» frå som «Vestafjells». Grunnen til at dei har hytte i Vang er fyrst og fremst at dei har vorte gjort merksam på området gjennom vener og bekjente som allereie har etbalert seg her med hytte.