Barn Vandre Filefjell
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Kraftig vekst for Kongevegen

Kraftig vekst for Kongevegen

18. januar 2021

Kongevegen over Filefjell har lagt bak seg eit år med kraftig vekst. 

I 2020 talde teljarane på Kongevegen over Filefjell 66 000 passeringar. Til samanlikning vart det i sommarmånadane 2019 talt 29 183 passeringar på Kongevegen.

- Trass i pandemien og stor usikkerheit før sesongen kom Kongevegen svært godt ut når nordmenn valde å feriere i eige land. Me har hatt ein gledeleg vekst både i fysisk trafikk og i sal av turpakker, seier dagleg leiar Odd Helge Brugrand i bedriftsnettverket for Kongevegen over Filefjell.

Den fysiske trafikken i 2020 fordelar seg med 15 000 passeringar i Vang og 51 000 i Lærdal. Då blir den snøfrie delen av året talt i Vang, medan klimaet i Lærdal gjer at dei nederste strekningane har trafikk heile året.

– Brorparten av passeringane i Lærdal kjem difor frå dei to publikumsfavorittane Vindhella og Seltåsen, med høvesvis 22 342 og 11 568 passeringar i 2020. Den mest trafikkerte strekninga i Vang var Kyrkjestølen med om lag 7000, seier Brugrand.

Det var i 2019 at teljarar vart satt opp langs Kongevegen. Trass i driftsproblem og at systemet har sine avgrensingar, syner tala kva potensiale som ligg i den første køyrevegen mellom Christiania og Bergen.

– Som i fjor har me hatt driftsproblem med teljarane og delar av året har me vore nøydd til å estimere trafikken. Me har estimert konservativt, likevel er tala store. Ikkje alle er tilreisande, for lokale folk nyttar vegen ein del, forklarar kongevegsjefen.

Auke i turpakke-salet

Det er ikkje berre fysisk trafikk som veks på Kongevegen. Salet av turpakker har også auka kraftig.

Turpakkene femnar om tre- og femdagerturar, der den lengste tilbyr vandring, overnatting og bagasjetransport gjennom heile Kongevegen. Og der dei korte tilbyr det samme over fjellpasset eller som baseferie der vandraren går rundturar.

– Me har berre selt turpakker i to år. Men salet frå første til andre året auka med 450 prosent,
fortel Brugrand.

Også talet på næringsverksemder som er med i bedriftsnettverket for Kongevegen over Filefjell har vakse godt. I 2020 var 31 bedrifter medlem av nettverket, ein auke frå 26 året før.

– Me reknar at om lag 90 prosent av reiselivsverksemdene i Vang og Lærdal er aktiv med i Kongevegen-systemet no. Saman løfter me i lag for at dette skal gå. Me håpar at fleire verksemder blir med i åra som kjem, seier kongevegsjefen.

Nokre heldt stengt

Det har likevel ikkje berre vore jubel i kongevegleiren i 2020.

– Fleire verksemder måtte halde stengt på grunn av Covid og endå fleire fekk ein tøff sesong på grunn av nedgangen i reiselivet generelt og tapet av utanlandske turistar spesielt. For fleire av verksemdene vart difor den auka trafikken og omsetnaden til Kongevegen ei lita redning, seier Brugrand.

Han håpar på eit betre år for reiselivet i 2021 og trur veksten på Kongevegen vil halde fram.

– Kongevegen har etablert eige bestillingssystem og me køyrer fleire digitale kampanjar enn i fjor, mellom anna i dei skandinaviske landa og i Tyskland, som me håpar kan komme til oss i siste halvdel av sesongen. Me skal også omsetje heimesida til tysk. Samstundes har me meir kontakt med turoperatørar og ikkje minst er me spente på at Vestland av Hovudorganisasjonen Virke er peika ut som reisevinnar i 2021.

– Målet dei neste åra kan ikkje vere anna enn å gjere Kongevegen til den mest populære vandredestinasjonen i Norge. Det er eit godt mål å jobbe mot, meiner kongevegsjefen.

Nasjonalskatt

Kongevegen over Filefjell var den første køyrevegen mellom Austlandet og Vestlandet. Den er i dag mellom dei fremste veghistoriske kulturminna i Europa. I 2017 fekk Kongevegen EU-kommisjonen sin Europa Nostra-pris, som det første veghistoriske kulturminnet nokon gong. Vegen nyopna i 2016 etter store investeringar av storsamfunnet. Eit av måla var å skape eit turmål av det veghistoriske kulturminnet.