Det er heimekontor og kommunikasjon via nett som gjeld for dagen for både rektor Tor Nordaas, lærarstab og elevar ved Vang barne- og ungdomsskule.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Kreative elevar og lærarar

Kreative elevar og lærarar

20. mars 2020

Etter ei veke med heimeskule og digital kommunikasjon er konklusjonen at både lærar og elevar meistrar det digitale godt.

– Lærarane gjer ein god innsats, er kreative , og meistrar det digitale godt! Det er sjølvsagt ikkje til å leggje skjul på at situasjonen også er utfordrande. Fleire av lærarane har jo sjølv eigne ungar som er heime frå skule og barnehage. Det ser ut som dei sjonglerer oppgåvene bra, fortel rektor Tor Nordaas ved Vang barne- og ungdomsskule (Vbu).

Felles struktur

Beskjeden frå regjeringa om stenging av skule- og barnehagar kom klokka to førre torsdag. I løpet av ein halvtime etter at beskjeden kom fekk alle elevar beskjed om å ta med seg bøker, datamaskiner og læringsbrett heim. Fredag var ein del av lærarane på skulen og fekk lagt planar for karantenetida.

– For dei yngste elevane er skuledagen no delt opp i to lengre økter kvar dag, mens dei eldste følgjer tilnærma vanleg timeplan, fortel Nordaas.

Lærarane sit for det meste på heimekontor og videokonferanse i Microsoft Teams er hyppig brukt, i tillegg til mellom annalæringsplattforma Skooler.

– Det blir ein kombinasjon av fellesundervisning på videokonferanse, oppfølging av enkeltelevar på Teams-chat eller telefon, og ein del sjølvstendig arbeid som bli innlevert via Teams og Skooler. Vi prøver å skape ein struktur på dagen, med felles oppmøte kl. 0900.

Klar for elevar

Både lærarar og elevar ved skulen byrjar rett nok å sakne den vanlege kontakten med vennen sine og felleskapet på skulen, men rektor Nordaas imponert over innsatsen frå alle som er berørt.

– Alle står på i ein krevjande situasjon og vi lærar noko nytt kvar dag. Ein kan også konkludere med at god pc-dekning, og nett er avgjerande i ein slik situasjon.

Sjølv om skulen har vore stengt for elevar og tilsette dei siste dagane har det vorte gjort viktig arbeid på bygget.

– Reinhaldarane har gjort ein kjempejobb med å vaske ned heile bygget. Skulen er rein og trygg når vi kjem tilbake, så ein stor takk til dei, avsluttar Nordaas.