Nyheit

Kreativt samarbeid mellom Vang og Ål

  Nyheitsarkiv
30. sep 2015
«Høge sprang» satsar på kreative næringar

Kreative miljø i Ål og Vang har inngått samarbeid om å løfte næringslivet i Hallingdal og Valdres til nye høgder. Kommunal – og moderniseringsdepartementet tykte samarbeidet var såpass spenstig at dei løyva 1,65 millionar kroner til prosjektet som startar opp i oktober.

– Vi er særs nøgd med støtta ifrå departementet til satsing på kreativ næring i Hallingdal og Valdres. Det er mange spennande initiativ og etableringar som vi nå kan hjelpe fram, og knyte saman på tvers av dalføra. Veksten i dei kreative næringane er størst i dei spreiddbygde strøka, og potensialet for vekst er stort i både Hallingdal og Valdres, seier leiar for prosjektet Arve Vannebo.

Det er Ål kommune og Innovangsjon SA som står bak søknaden. I båe kommunar har kreative kontorfelleskap vorte oppretta den seinare tida og eit felles ønske om samarbeid og vekst er bakgrunnen for prosjektet.

Løft i fleire næringar

Målet med prosjektet er altså å styrke kreative næringar som design, webutvikling, foto, film og anna i båe dalføra. Både nyetableringar og styrking av eksisterande bedrifter er i fokus. Samstundes som også anna næringsliv i fjellregionen skal nyte godt av prosjektet.

– Det vert viktig for prosjektet å sjå på gode måtar for samspel mellom kreative og tradisjonelle næringar. Eg trur mange av dei tradisjonelle næringane i fjellregionen har mykje å hente på samarbeid med dei som driv kreativt, seier dagleg leiar i Innovangsjon SA Hallgrim Rogn.

Bygdeutviklingsforetaket Innovangsjon jobbar med næringsutvikling, bustader, møteplassar og blest mot eit mål om auke i folketalet i Vang kommune. Rogn trur dette prosjektet blir ei viktig brikke i å nå målet om 1724 innbyggjarar innan 2020.

– Vi treng auke i alle sektorar, og vekstpotensialet i dei kreative næringane er stort. Etableringa av Kontorfelleskapet 1724 for to år sidan, oppstarten av «Føsse fotostudio» i fjor og opninga av kontorfelleskapet på Ål no i haust er gode eksempel på framtidsretta satsingar som gjer det mogleg for fleire å bu og jobbe i distrikta. 

Å samle fleire av dei som i dag driv kreativt frå stoveboret i kontorfelleskap eller mindre «klynger» er to ting prosjektet kjem til å arbeide med. Mat, reiseliv, opplevingar og andre næringar som nytter fjellet som ressurs er også sjølvsagte satsingar.

Allereie fredag neste veke er fyrste møte i prosjektgruppa der innhald og vegen vidare for prosjektet skal konkretiserast.

Kortfakta Høge sprang

Prosjektnamn: «Høge sprang» – kreative næringar
Prosjekteigar: Ål kommune/Innovangsjon SA
Prosjektleiar: Arve Vannebo // arvev@pinn.no 
Kontakt i Vang: Hallgrim Rogn // hallgrim@vangivaldres.no
Tilskot: 1,65 mill. kroner
Prosjektstart: oktober 2015