Ingrid Hoff er lærling som helsefagarbeidar hjå Vang kommune og for prøve seg på varierte oppgåver over to år.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Lærling i Vang: Ingrid Hoff - helsefagarbeidar i Vang kommune

Lærling i Vang: Ingrid Hoff - helsefagarbeidar i Vang kommune

12. januar 2021

Ingrid Hoff frå Fagernes fann det lærlingløpet ho ynskte seg i Vang og pendler oppover kvar dalen kvar dag. 

– Det er både lærerikt og gjevande å hjelpe menneske i kvardagen, så dette verkar til å vera rette valet for meg, fortel Hoff.

Til sommaren er ho ferdig med læretida si, og då har ho fått prøvd seg i ulike delar av helse-sektoren i Vang kommune.

– I løpet av lærlingtida har eg vore innom både miljøtenesten, lang- og korttidsavdeling på sjukeheimen og heimetenesten. Alt har vore positive erfaringar, og målet er å halde fram med å jobbe som helsefagarbeidar vidare.

I Vang kommune har dei til ein kvar tid to eller tre lærlingar inne i helsesektoren, noko leiar ved Vangsheimen, Joanke Tito, ser på som viktig få fleire nivå. 

- På den eine sida lyt vi ta vare på ungdommane våre og bidra til å gje dei kunnskapen som trengs til å verta faste arbeidstakarar. Samstundes syter lærlingane for at vi heile tida får inn ny kompetanse og nye tankar, så eg trur det er sundt for alle verksemder å ta inn lærlingar.