Trym Svanheld er i gang med læretida si hjå Vang Bygg AS og trivst godt med både kollegaer og arbeid.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Lærling i Vang: Trym Svanheld (17), Vang bygg AS

Lærling i Vang: Trym Jermund Svanheld (17), Vang bygg AS

07. november 2020

Trym Jermund Svanheld flytta «heim» til Øye frå Skjolden for å gå læretida som snikkar hjå Vang Bygg AS.

- Eg har ikkje angra eit sekund på korkje val av yrkesveg eller læreplass. Eg har vorte godt teken i mot og tykkjer det er artig å få med seg Valdresmåtane å løyse ting på. Det er nokre små forskjellar frå korleis vi gjer det over i blaute  Sogn, fortel Trym Jermund Svanheld. 

Etter ei runde til fleire bedrifter i regionen vart han i vår einig med Vang bygg som læreplass. 

– I vår bransje er det problem å få tak i solide lærlingar som verkeleg ynskjer å bli snikkarar. Trym Jermund gav eit godt inntrykk då han var innom og den fyrste hausten som lærling har fungert godt, fortel dagleg leiar ved Vang Bygg, John Myhre. 

Bestemte seg tidleg

Allereie som niandeklassing bestemte Trym Jermund seg for å satse på arbeid som snikkar.



- Eg har odel på garden familien bur på  i Skjolden og kombinasjonen av sau og snikkering vert ein god leveveg på sikt, meiner han.


Før han gjer sogning av seg att, ser han for seg ein stad mellom fem og ti år i Vang der han bur på garden Nørdre Grøv i Øye som mor og far hans eig no. Der budde også familien fram til Trym Jermund gjekk i femte klasse, noko ei solid dialekt er eit prov på. 

- Det er greit at sogningane får høyre litt Valdres-dialekt! 

Mykje nytt

Trym Jermund har til no vore med på forskaling og reisverk på eit bustadhus på Heensåsen, mens han dei siste vekene har jobba utvendig på eit bustadhus på Lunde i Øye. 



- Målet er å lære å setje opp eit bygg på best mogleg måte, så det er greit å få med seg alle delar av prosessen. Det er elles temmeleg stor overgang frå skulebenken i Sogndal til kvardagen som lærling med fysisk arbeid heile dagen, fortel Svanheld. 


Difor har det vore heilt greit med rolege ettermiddagar denne hausten, sjølv om han ofte er heimatt for å bidra i gardsdrifta. Elles har det vorte nokre turar til fjells for å fiske i eit av vatna som høyrer til garden.


– Enn så lenge har eg jo ikkje lappen, så det er litt avgrensa kor mykje eg kjem meg rundt på kvelden. I  desember vert eg 18, så vi får sjå om eg kan bytte ut firehjulingen med ein bil for å koma meg både på arbeid og litt ut på det som skjer i løpet av vinteren. 

Gjennom vinteren helser vi lærlingar i Vang! Tips gjerne hallgrim@vangivaldres.no om lærlingar eller andre unge vangsgjeldingar vi bør ta ein prat med.