Straum, Vang og Vegard Eltun er god kombinasjon. Akkurat no driv Eltun med lærlingløp hjå Vang Engergiverk AS og er involvert i fleire store prosjekt.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Lærling i Vang: Vegard Eltun skaffar seg unik El-kompetanse

Lærling i Vang: Vegard Eltun skaffar seg unik El-kompetanse

02. mars 2021
Vegard Eltun er snart i mål med sitt andre el-fagbrev samstundes som han har starta på fagskulen i innlandet.

– Målet er kompetanse eg kan nytte meg av i Vang, for planen er i aller høgste grad å bli buande her. Eg trivst godt både på arbeid og på fritida, fortel Vegard Eltun.

Frå før har Vegard fullført fagbrev hjå Elektromontasje AS. No har han permisjon frå jobben der for å ta fagprøva på høgspent straum som lærling hjå Vang Energiverk AS.



– For eit par år sidan byrja eg på eit fireårig deltidsstudie innan elkraft som planen er å følgje ved sidan av arbeid. Det gjev varierte moglegheiter for arbeid i Vang innanfor el-faget både no og på sikt, fortel Eltun.

Det nye byggjefeltet i Ryfoss, den nye høgspentlina opp til Syndin og heilt nytt straumopplegg i Varden hyttefelt på Filefjell er av dei større prosjekta han har vore innom som lærling.

– E-verket er ein god plass å vera lærling med store prosjekt, mykje utearbeid og bra folk å jobbe med.

På fritida går det i venner, skuter, poker, ski, jakt og innebandy for Vegard, som har ordna seg bustad i Fjellheim panorama i lag med kjærasten.

– Det er supersosialt å vera ung i Vang for tida, der særleg Tyinkrysset Fjellstue er ein god samlingsplass der det ligg godt til rette for å treffast sjølv om det er korona!