I bakkant av låven ligg eit stort skogsområde.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Låve Kvismoen

Ein låve full av potensiale

22. desember 2014

Tett opp mot E–16 ved Kvismoen ligg ein stor låve – perfekt for næring! Bygget er over tre etasjer, i god teknisk stand og fullt av moglegheiter for den med pågangsmot og gode idear. 

– Her er det åpent for kven som helst med den rette ideen! Både eigar Anders Kjøs og vi ser eit stort potensiale, og alt handlar no om å finne den rette personen til å setja i gang næring, seier næringsutvikler i Innovangsjon, Bjørn Henrik Stavdal Johansen. 

Saman med eigaren har han vore på fleire befaringar i bygget, og er her er den kjappe oppsumeringen av bygningsmassen:

Bakkenivå: Her er mellom anna ein hall med to store porter ut mot vegen. Den passer fint som verkstad, lager eller også eit utsal av noko slag, sidan E–16 går rett forbi.

2. etasje: Leiligheiter? Kontorlokaler? Leiligheitsbygg? Berre fantasien sett grenser for kva som kan vera mogleg å få til i andre etajse. 

3. etasje: Her finn du tradisjonell og luftig låvestandard. Med nokre grep kan det for eksempel verta serveringssted, konferansehall eller lignande. Eller noko heilt anna. 

Låven ligg altså tett opp mot E–16 ved Kvismoen. Dette gjev moglegheitar rettat mot gjennomfartstrafikken. Her er gode fiske– og turmoglegheiter. Det er også både grusvegar og stigar perfekt for sykling. Eit av fleire forslag som har vorte drøfta er å starte eit friluftsherberge her. Med utleige av kano, fiskeutstyr og syklar i kjellaren, overnatting i andre etasje og servering i toppetasjen. Ein annan variant er å drive ulik næring i kvar av dei romslege etajsane. 

– Det vil sjølvsagt krevjast noko innsats for å koma i gang. Det kan vera alt frå nokre malingstrøk til meir omfattande ombygging. Dukkar det rette prosjektet opp har Anders Kjøs sagt seg villig til å bidra til denne opprusninga etter avtale med leigetakaren, fortel Johansen. 

Har du nokre idear men manglar loakle? Då kan dette vera løysinga. Send e-post eller slå på tråden (413 12 724) til næringsutviklar Bjørn Henrik for ein uformell prat.