Med Anneli og Jan Ove stadig meir aktive i drifta på Stele gard har også følgjarane fått eit innblikk i alt som skjer på garden dei siste månadane.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Lokal mat på sosiale medium

Lokal mat på sosiale medium

22. november 2019

Fleire av produsentane i Vang inviterer følgjarane tett på daglegliv og produksjon.

Nokre har vore aktive i fleire år - nokre har dratt på denne hausten. Her er ein kort oppdatering på nokre du bør følgje om matproduksjon i Vang interesserer deg.

Smådalskjøtt

Særleg på Instagram er det full fart med både flotte foto og snerten humor for Smådalskjøtt om dagen. Denne hausten har vi fått følgje ferda frå fjellbeite, ned til bygda og no inn i kvardagslivet i fjøset.

Tyinlam

Ei føregangsbedrift når det kjem til marknadsføring i sosiale kanalar. Instagram er heimen til Tyinlam, men også facebooksida er vel verdt å følgje. Her oser det av personlegheit, glede og stoltheit.

Stele gard

Med Anneli og Jan Ove stadig meir aktive i drifta på Stele gard har også følgjarane fått eit innblikk i både sauehald, matproduksjon og salsarbeid via Facebookside og Instagram dei siste månadane.

Valdres Gardsfrue

Med både mjølkeproduksjon og sauehald av gammalnorsk spelsau får vi følgje både opp- og nedturar i livet som gardbrukar i Vang på denne flotte facebooksida.

Ellers kan vi nemne at Julemarknaden i Øye som var denne helga har synt fram mange lokale produsentar i det siste. Og at både Kvale gard, Utegris frå Vang, Nertrost fjellgard og Øko-Nils har facebooksider med mykje gull frå kvardagslivet som matprodusent i Vang.

Alle matprodusentar i Vang som sel direkte er samla her, mens dei som syslar mest med handverk finn du her.