DSC 4833 1 Scaled
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Lyfter fram rein frå Jotunheimen

Lyfter fram rein frå Jotunheimen

31. mars 2022
Med eit ynskje om å lyfte fram og styrke satsinga på reindrifta i Jotunheimen har no dei fire reinlaga Fram, Filefjell, Lom og Vågå stifta selskapet Rein frå Jotunheimen saman.

- Det er gjevt og veldig spennande. Me har stor tru på at denne satsinga kan vera med å styrke satsinga vår framover og at endå fleire kan få smaken av kvalitetskjøtt frå Jotunheimen, seier Øystein Opdal i Fram reinlag. 

Det er dei fire reinlaga i Jotuneheimen Fram, Filefjell, Lom og Vågå som no har valgt å stifte selskapet Rein frå Jotunheimen. Selskapet vil ha markedsansvar for opptil 20% av reinkjøtt, innmat, skinn og gevir i heile Noreg. 

Dei fire laga har i lang tid samarbeida godt på tvers av dalførene, og seinast i haust fekk dei alle fire, saman, tildelt det gjevaste matmerke ein kan få; Beskyttet geografisk betegnelse. 

- Alle me fire reinlaga har eit godt samarbeid. Det å no stifte selskapet Rein frå Jotunheim saman, er neste steg i ein større satsing for oss, og er både klokt og praktisk, seier Asgrim Opdal i Filefjell Reinlag og styreleder i Rein frå Jotunheimen. 

Reinen i desse reinlaga finner all maten sin sjølv i fjellene, drikker det reinaste vatnet, den må sjølv gå mellom årstidsbeitene (vinter og sommerbeiter) ingen transport og blir slaktet i fjellet. Slik at produksjonen er heilt 100% naturlig.

 

Vil lyfte rein frå Jotunheimen 

Fortsatt er mykje i startfasen for det nystifta selskapet, likevel er det ein milepæl å ha kome så langt. 

- Dette er ei langsiktig satsing, og det er mange av detaljane me ikkje verken har prata om eller har på plass endå. Likevel er me svært stolte over å no ha stifta selskapet og vera i gang, smiler Opdal. 

- Hovedmålet vårt med selskapet er å gjere rein frå Jotunheimen meir kjent. Matmerke sikrar oss eit solid kvalitetsstempel. Me har holdt på med bærekraftig utvikling i generasjoner, og ynskjer nå å vekke forbrukeren av dette kjøttet, som både er fullt av viktige næringsstoffer og nydelig på smak, seier han. 

Alle fire reinlaga har investert i selskapet med kvar sin andel. På sikt er planen å knytte seg til andre samarbeidspartnarar som f. eks Innovasjon Norge. 

- Eg trur me har alle forutsetninger for å lykkes, det er både bærekraftig og framtidsretta. Me er veldig stolte av arbeidet, kvaliteten, driftsformen og samarbeidet, så me har tru på at dette blir bra, smiler Opdal. 

I tillegg til samarbeid om både selskap og matmerke har også dei fire reinlaga endå eit prosjekt saman; ei bok om tamreindrifta i Jotunheimen. 

- Kjell Bitustøyl held på å skrive bok om tamreindrifta i Jotunheimen og alle reinlagene er med. Her skriv han om historia og opphavet, gjeterane og fjellområdene i Jotunheimen, seier Opdal.

- Me trur det blir ein bok som favnar mykje og vil nå breitt. Både hyttefolk, bygdefolk og andre kjente i området vil nok ha glede av å lese boka, legg han til.

Boka skal etter planen vera klar for både trykk og lesing hausten 2022. 

 

Kontoradresse i Vang 

Med nystifta selskap og mange spennande planar på gong, trengs også ei fast kontoradresse. 

- Me endte til slutt med å sette kontoradressen til Vang, rett og slett fordi mange piler pekte den vegen. Det var eit veldig naturleg val for uss alle, seier Opdal. 

- I tillegg til at to av selskapene er lokalisert i Vang er mange av andelseiere bosatt eller har tilknytning til Vang, også har me fått god starthjelp fra Dag Inge Bruflot. Vang har det lille ekstra, smiler han. 

Opdal fortel at det no er mykje som må på plass framover, både logo og markedsføring av Rein frå Jotunheimen står i fokus. 

Næringsutvikler i Innovangsjon SA, Dag Inge Bruflot er svært positivt til initiativet og fortel at det er eit særdeles flott og velkomment tiltak.  

- Samarbeidet mellom reinlaga i Vågå, Lom og Vang er fantastisk, dei tek felles ansvar for å satse på naturprodukt. Allereie har dei eit kvalitetsnivå på sjølve kjøttet, og etterkvart kvalitet i den kommersielle delen av drifta i eigen regi. Dette skal bli spennande å følgje med på, smiler Bruflot. 

Han legg til at dette er starten på uante moglegheiter både nasjonalt og internasjonalt, ved å samordne den kommersielle delen av drifta på denne måten. 

- I tillegg er dette absolutt med på å byggje lokalsamfunnene tettare saman, det gjer nye tilbod, lokal forankring og ein styrka identitet - både for selskapet, reinlaga, fjellbygdene og regionane, seier Bruflot.