Nyheit

Marte er ny leiar for Norges frivilligsentraler

  Nyheitsarkiv
16. nov 2020
Den nye styrleiaren i Norges frivilligsentraler heiter Marte Tangen og er dagleg leiar ved Vang Frivilligsentral.
Skal jobbe både lokalt og nasjonalt

Marte Tangen er nett valt til ny styreleiar for Norges frivilligsentraler, som organiserer så godt som alle frivilligsentalane i landet.

–  Eg er både audmjuk og stolt over å få dette vervet, og skal gjere mitt beste for å jobbe med dei gode kreftene i organisasjonen for å styrke både frivilligheita i Noreg og frivilligsentralane sin posisjon, fortel Marte Tangen.

1. november vart det digitale årsmøte i organisasjonen avslutta og no byrjar arbeidet som styreleiar. Tangen har engasjert seg i organisasjonen i fleire år, men har ikkje sete i landstyret før. Vervet inneber ei rekke organisasjonsoppgåver som ho ikkje har all verdas erfaring med, og ho var fyrst litt tvilande til forespørselen frå valkomieteen.

– Etter kvart kom eg fram til at ein får jo aldri ny erfaring om ein ikkje tørr prøve noko for fyrste gong, og etter gode samtaler med både mine støttespelarar lokalt og sentrale personar i organisasjonen, valte eg å takke ja. No er eg veldig gira på å bidra med det eg kan, og å lære mykje nytt!

Tangen har vore regional nettverksleiar  i fleire år og engasjerte seg mellom anna tungt i kampen for vidare finansiering av alle frivilligsentralene, som vart vunne i vår.

– Den runden syner at påverknad og lobbyverksemd for gode saker kan fungere, noko som er godt å ta med seg inn i styreleiarrolla.

Nesten alle med

Administrasjonen til organisasjonen held til i Kristiansand og teller tre personar. Dei er involvert i ei rekke prosjekt, mellom anna Leve heile livet-reformen, frivillighetens år 2022, samarbeid med søsterorganisasjonar i andre land og mykje meir. Av landets 469 frivilligsentralar er 455 med i forbundet Norges Frivilligsentraler. I landsstyret sit 10 representantar frå heile landet – som enten er daglege leiarar, styremedlem eller frivillige i sin lokale sentral.

– Dei møteplassane og den aktiviteten frivilligsentralane står for i Noreg er viktigare enn nokon gong etter at pandemien kom. Vi treng desse arenaene for å møtest, og å hjelpe kvarandre i ei vanskeleg tid, meiner Tangen.

– Det å få moglegheiten til å bidra som frivillig og vera ein ressurs, er viktig for både den som får hjelp og for den som bidreg. Det styrker både tilhøyrlegheit, integrering, livsmeistring og folkehelse!

Ny medarbeidar inn i Vang

Tangen held fram som dagleg leiar ved Vang frivilligsentral, men er kjøpt ut i 20% til å jobbe som styreleiar nasjonalt.

– Det gjer det langt lettare å takke ja til vervet, og betyr i praksis at vi tilset ein medarbeidar i 20 % stilling her. Denne skal fyrst og fremst arbeide med BUA-konseptet der vi skal låne ut diverse utstyr. Oppgåvene får vi definere i fellesskap, ut frå korleis BUA utviklar seg, og kor langt tida strekk til. Eg gler meg til å få ein ny kollega å spele på lag med! fortel Tangen.