Femti vangsgjeldingar fylte opp biblioteket for å læra meir om moderne marknadsføring onsdag.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Matnyttig marknadsføringskveld

Matnyttig marknadsføringskveld

21. januar 2016

Vangsgjeldingen vil stikke fram hovudet på digitale flater i tida som kjem. I alle fall om ein skal tolke frammøte på marknadsføringskvelden onsdag.

– Vi var shitnervøse i det vi endeleg våga oss på Facebook med Tyinlam i 2013. Året etter var det minst like skummelt med Instagram, fortalde Line og Kjell Gudmund Svien til femti frammøtte vangsgjeldingar.

Merkevara Tyinlam har etter dette vorte eit skule-eksempel på korleis ein kan nytte sosiale medium i marknadsføring av eit nisjeprodukt.

– Prater aldri om salg

Med stor følgjarbase på båe dei viktigaste sosiale mediuma, skulle ein tru dei marknadsførte produkta sine ofte og hardt, men Tyinlam har valt ein heilt annan strategi.

– Vi slepp folk inn på dagleglivet på garden. Vi som bur der og sjølvsagt alle sauane. Frå lemming til beiting og heile vegen til middagsbordet. Det hender faktisk vi får spørsmål om vi også sel kjøtet vårt, fortalde ei lattermild og engasjert Line.

Men selje det gjer dei, og i dei tjue minutta Tyinlam prata sat tipsa om alt frå hashtags og humor til konkrete framgangsmåtar for å verta synleg laust. –

Valdres er dykk


Marknadsføringskvelden var eit ledd i Høge-Sprang-prosjektet og eit samarbeid mellom Innovangsjon, bibliotek og frivilligsentral i Vang. Opp frå Fagernes hadde kreativ leiar i Valdres Natur og Kulturpark, Henning Wangsnes, teke turen for å snakke om merkevara Valdres.

– Det er dykk som sit her i kveld og alle andre som driv næring i Valdres som er merkevara Valdres. Det ein leverer lyt svare til forventingane merkevara gjev, då vert det butikk for Valdres, fortalde han.

Ein hjartesak for Wangsnes var nettopp at VNK ikkje kan bygge produktet og opplevinga Valdres åleine.

– Vi søker partnerskap og samarbeid med dei som vil bygge merkevara Valdres saman med oss, fortalde han. Og opna døra på vidt gap for den som hadde gode idear VNK kunne spele på lag med.

– Du veit einrakfisk produsert i Valdres er meir verdt enn ein rakfisk produsert i Østfold, avslutta Wangsnes med, som eit døme på kva ei merkevare kan bety.

Synte seg fram

Mykje har forandra seg på få år i marknadsføringsverden og ei nettside frå 2013 kan vera hålaust utdatert no som alle les nyhende på mobilen. Heldigvis har Vang og Valdres høgkompetente folk på synlegheit og fleire av desse presenterte seg denne kvelden.

Monica Søndrol med «Makalaus design» synte ein film om prosessen frå ide til ferdig nettside og hadde med eksempel på trykksaker, plakatar og anna ho har gjort gjennom sitt fyrste år som næringsdrivande med eige designbyrå. Etter ho tok kollega i «Føsse fotostudio», fotograf Christine Stokkebryn, over og synte fram ferske eksempel på arbeid og understreka nokre gode poeng om kva nytte ein har av skikkelege foto. Avslutningsvis synte Ingrid Wigdel med «Ingridesign» fram kva ho tilbyr av grafiske tenester, pluss at ho tok seg tid til å fortelja om «Verdt o merkji» ved Elin Høyme som sjølv ikkje hadde høve til å koma denne kvelden.

Mykje kompetanse

– Vi har kompetansen i bygda, og det at femti av dykk som driv næring i Vang møter for å oppdatere dykk på kva som krevjast for å vera synleg er ikkje mindre enn imponerande, innleia Innovangsjonsminister Hallgrim Rogn avslutninga si med.

Elles gav han sine subjektive meiningar om kva som er eit minstekrav for å ikkje miste kundar i 2016.

– Driv du bedrift lyt du ha nettside som fungerer på alle skjermar (responsiv nettside). Samstundes har du att for å ha Facebookside, gode foto og ein logo/grafisk profil. Andre ting kan vera lurt, men det er ikkje naudsynt. For den som driv enkeltpersonforetak ved sidan av anna arbeid kan det halde å ha god info på bedriftssidane til vangivaldres.no, då desse gjev gode treff om ein søker i google. Det skadar ikkje med ein logo og gode bilete heldan, meinte Rogn. Han understreka også kor greitt det kunne vera å spørje nokon om hjelp.

– Anten det er dei som har presentert seg her i kveld, eller det er ei nabo som er hakket meir ivrig på nett enn deg, så er det alltid greit å spørje folk om hjelp, avslutta Rogn.