34D53419 DBB3 4A8D 8637 36EB0E2D3A70
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Midt i blinken med Vang skytterlag

Midt i blinken med Vang skytterlag

19. september 2022
På Rødal skytebane i Øye er skudd og høge smell heilt vanleg. Her møtast nye og gamle medlemmar i Vang skytterlag for å utveksle erfaringar, og forsøke å treffe midt i blinken!

2022 er frivillighetens år! Vang frivilligsentral og Innovangsjon vil difor gjennom heile året hylle frivilligheita i bygda ved å presentere alle lag og foreiningar!

- Vi er omlag 130 medlemmar per dags dato, i alderen 3-100 år. Så her er det vidt spenn og mange som delar interesse, smiler Kristian Solemsli, leiar i Vang skytterlag. 

Frå mai til september smell det godt i skogen ovanfor Øye, då er nemleg skytebana i Rødalen open for sesongen. Her kan både medlemmar og drop-in gjestar få testa børsa og presisjonen sin. Det er vanlig skyting fredager frå 18.30 i mai - juli. Tirsdag og fredag 18.30 i heile august. Medan praktisk skyting foregår torsdager. 

- Stort sett er det jaktskyting som foregår på banen her og dei fleste av medlemmane tek jegerprøva. Men vi har nokon få som driv med praktisk skyting og, seier Solemsli. 

 

En god og trygg møteplass 

Det aller viktigaste når ein driv med skyting, er sikkerheit. Det skal være trygt å ferdes på skytebanen og alle skal overhalde reglane som er satt. 

- Det er veldig viktig at folk følar seg trygge når dei kjem på skytebanen. Difor har me ein del regler som alle må følgje, og me har fleire erfarne vakter tilstedet for at folk skal senke skuldrene, seier Solemsli. 

Dei aller fleste som kjem for å skyte, har egne våpen og kjøper ammunisjon på banen. For dei som ikkje har eigne våpen, har dei moglegheit for å låne av skytterlaget. Dei har nemleg gått til innkjøp av våpen, slik at alle skal ha moglegheit til å prøve. 

- Det handler litt om å gje folk ein god oppleveing på skytebanen, og rekruttere litt nye folk. Låner du rifla til bestefar og skyt deg gul og blå, så er det jo ikkje sikkert det freistar å koma attende, smiler Solemsli. 

- Difor har me eit våpen til utlån på skytebana, som er ferdig innskutt og mulig å bruke om ein ikkje har med seg våpen sjølv, eller kun ynskjer å prøve, legg han til. 

 

Ein sosial og god møteplass

I mange år har Rødalen skytebane vore ein god møteplass for jaktinteresserte i Vang. Her møtast ung som gammel for å anten slå av ein prat, eller fyre av nokre skudd og sikre årets jegerprøve. 

- Skytebanen er jo blitt ein veldig fin lågterskel møteplass for alle her i bygda som er interessert i skyting og jakt. Her møter ein folk med sammen interesser og ein kan utveksle erfaringar, fortel Solemsli.

Han fortel at det er særdeles lite utstyr som skal til for å kunne vera med på skytetrening i Rødalen. Det einaste du treng er stort sett hørselvern, våpen og ammunisjon - som ein får kjøpt på skytebana. I tillegg er det ein årleg medlemskontigent på 350 kr. 

- Før corona har me hatt aktiviteter som blant annet skytingens dag. Dette har vore lagt på is nokre år. Planen for neste år er å blant anna invitere ein instruktør som kan komme med nokre tips til dei som måtte ynskje det, smiler Solemsli. 

Om ein ynskjer å bli medlem i skytterlaget tek ein kontakt via facebooksida eller direkte til leiar i laget, Kristian. 

- Me har alltid plass til nye medlemmar i skytterlaget, og alle er velkomne til å bli med, seier han.

 

Sjå fleire bileter frå skyttebana i Rødalen nedanfor.