DSCF8105
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Mjuke toner med Fjellblom musikklag

Mjuke toner med Fjellblom musikklag

28. mars 2022
Mjuke toner møter meg i døra når eg snik meg inn på Åsvang samfunnshus denne måndagskvelden. Lyden av 17. mai, lyden av Norge, lyden av barndom. For ein tidlegare korpsmusikant vekker det minner om både kvardag og høgtid.

AV: Marte Tangen, Vang frivilligsentral. 

2022 er frivillighetens år! Vang frivilligsentral og Innovangsjon vil difor gjennom heile året hylle frivilligheita i bygda ved å presentere alle lag og foreiningar!

Dirigent Jostein Hillestad styrer korpset med stødig hand. Han etterlyset meir crescendo, dette blir for slapt! - Kan eg få høyre horn, 2. baryton og eufonium i frå takt 17? Her finkjemmast kvar takt og kvar tone, skjerpa øyrer lyttar intenst etter om harmoniane stemmer.

Crescendoane blir kraftige - det er eit mektig stykke musikk. Håra reiser seg litt ekstra på armen av dei sterke tonane når eg får vite kva stykke dei øver på denne kvelden. ‘Prayer for Ukraine’ blir eit viktig innslag på konserten dei skal spele 2. april. kl 19.00 på Åsvang.

-Det blir ein hoveddel med korps, og så nokre gjester, fortel leiar i korpset Jon Eggen. Og så blir dette det første arrangementet etter pandemien der vi speler opp til dans! Vi håper å få valdreskvelven med, så publikum får svinga seg skikkelig.

Jon har vore leiar i korpset i 5 år, og legg ned eit ukjent antal timer for laget.

- Mitt frivillige arbeid er i stor grad knytt til Fjellblom. Eg er interessert i musikk sjølv og har spelt lenge i korpset, og så er det veldig fint og moro å kjenne at det er noko ein kan bidra med i lokalsamfunnet.

Han får skryt frå med-musikantane for arbeidet han legg ned.

- Spesielt i koronatida har han jobba mykje for å halde aktiviteten ved like, fortel Tone Lajord. Det fikk dei til, korpset arrangerte mellom anna ein storstilt oktoberfest midt under pandemien, med kohortinndelingar og bordservering etter alle kunstens og pandemiens reglar.

Det er tydeleg at heile kommunen set pris på korpset.

– Det var veldig god stemning i publikum på den første konserten etter korona, fortel Ingrid Thorpe.

- Alle var klare for at det skulle skje noko igjen. Folk sat tett og pengane sat laust. Vi fikk inn 15.000,- på utlodding!

Fjellblom musikklag gjer det gjerne slik; har gratis inngang og så ei runde med utlodding. Folk bidreg ikkje berre med pengar, også når det gjeld å hjelpe til opplev dei at mange stiller opp.

– Det er aldri noko problem å få hjelp, kan fleire ivrig fortelje, - folk står ute i minus 15 og serverer gløgg, eller stiller som fanebærerar i toget, det er aldri nei å få.

Mange bryr seg om korpset, og musikantane sjølv stiller opp og gjer ein innsats for å få til gode arrangement for publikum – og ein god møteplass for musikantane. Kaffipausa er viktig, og stemninga er god. Og det betyr mykje for dei som er med. Og så er det fint å ha planane klare for 17. mai! Då har dei ein viktig tradisjon med speling på Pissberg om morgonen – og ein like viktig tradisjon med kaffi hos Ingrid og Nils Arne etterpå.

– Det er ikkje berre kaffi akkurat, flirer Jon, vi blir skikkelig bortskjemt!

Anne Guri Walquist Søndrol flytta til Vang i 2019. Ho vart invitert på ein konsert, og fikk med seg instrument heim same kvelden.

– Eg har halde på med korps då eg var yngre, og så synest eg det er fint å gjere noko utanfor familielivet. Det er veldig kjekt å vere med, og kjenne på meistringsfølelse, og drive med samspel. Fleir heng seg på, dei er einige i at det er så fint at alle er avhengige av kvarandre, alle stemmer er viktige. Å spele i korps er eit stort lagarbeid, om du er 1. eller 3. stemme betyr ikkje noko, alle er like viktige.

For å halde styr på samspelet trengst ein stødig dirigent. Jostein er nokså fersk i jobben, men synest det er veldig interessant å tre inn i ny rolle.

– Eg har spelt i korps i 40 år, så det er artig å prøve noko nytt! Eg vil at folk skal synest det er interessant å kome på øving, at det skjer noko. For meg er det som å sitte bak ein mixepult, prøve å dra spakane opp og ned for å få fram detaljane, få musikken slik eg vil. Eg terpar ein del, det kan bli frustrasjonar når ein blir pirka på men det går over, smiler han.

Nina Havro stadfester at terpinga nytter.

– Det fungerer godt når ein får gode føringar på korleis få det til. Det er fint å bli pirka på slik at ein blir betre, og slepp å sitte og spele feil og feil og feil! Fleire roser Jostein og seier han har fått til mykje på kort tid.

Kva skal ein så gjere om ein er nysgjerrig på Fjellblom, og kunne tenkje seg å bli korpsmusikant?

Korpset vil veldig gjerne ha nye medlemmer, men det er ein stor fordel å ha erfaring om ein skal klare å henge med. Ein bør kunne noter, og å trene seg opp til å traktere eit instrument tar tid. Før hadde Fjellblom eigen aspirantgruppe, no er det Vang skule- og ungdomskorps som fyller denne rolla, så det er gjerne plassen å starte for ein som ikkje har spelt før.

– Men det ville vore ei sabla moro utfordring for oss, seier Jon, om det er ein dedikert person som gjerne vil lære seg eit instrument så vil vi gjerne ta dei i mot og gi dei opplæring! Vi kan dele på den oppgåva, og så kan ein få ein som er litt dreven som sit attmed seg. Og når korpset er så viktig for bygda er veldig bra at ungane har klassekorps i 3. klasse og kan gå vidare som aspirantar i skule- og ungdomskorpset. Dette kan også føre til framtidig rekruttering i Fjellblom. Dei med korpserfaring som vil friske opp att og utvikle gamle ferdigheiter er vi klare for å ta imot når som helst!

Å spele i korps er eit langtidsprosjekt, kanskje er det difor det nokon gonger er vanskeleg å halde liv i korpsbevegelsen, men også difor så mange av dei som er med blir der heile livet. Samspelet, meistringsfølelsen og den sosiale fellesskapen på tvers av generasjonar gir musikantane ein viktig hobby som gjerne varer år etter år.