Nyheit

Mugnetind kafé - ny attraksjon

  Nyheitsarkiv
14. aug 2015
  • Tor- Evert Grøndahl Johansen driv kafé, Ida Østvold mjølker og lager kvitost. Saman er dei sjølve motoren hjå Mugnetind kafé.
  • Gamle norske kyr-raser som er godt sosialisert er både grunnlaget for kafédrifta og ein bonus for gjestar.
  • Godt for er viktig..
  • Godt sosialiserte kyr beiter rundt Mugnetind kafé.
  • Vegen over Slettefjellet byr på utsyn og stølslandskap av beste slag.
  • Evert sel kvikaker, gulost, brunost, rummegraut og fleire andre godsaker på Mugnetind kafé.
Rummegraut, ost og kvikaker på eigen mjølk

Ureist mat basert på kyrne som beiter rundt stølen ved foten av Mugnetind har på få veker vorte ein suksess. – Rummegraut og brunost sel vi vekk så fort vi klarar å produsere, fortel budeie Ida Østvold.


Det er kort veg frå tanke til prosjekt hjå Ida Østvold og Sigmund Sørum som driv økologisk mjølkeproduksjon på Leine. Denne sumaren skulle dei støle ved Mugnestølen saman med kyrne sine av gamle norske raser. I fjor fekk dei ikkje brukt opp all mysen som er eit biprodukt av osteproduksjonen, noko dei ynskte å unngå.

– Ein kveld prata vi med Evert på Skype og han kunne tenkje seg å koke brunost på mysen og drive kafé her i sumar. Samstundes trengte vi ein stad å selje kvitosten eg lager. Då var planen lagt, fortel Ida.

Nokre veker seinare dukka Evert opp i Vang. Tømmer vart hogt og saga på Leine, og fleirfoldige arbeidstimar seinare stod grindbygget som utgjer Mugnetind kafé klart.

– Kafédrifta har gått over all forventning. Nokre dagar er det lange køar framfor disken og fire personar i arbeid for å servere, rydde, selje og vaske opp, fortel Ida. 


Ho har hovudansvaret for mjølking og kvitostproduksjon. Sigmund har hovudansvaret for slått og gard saman med kompisen Christian. Evert er cafevert. Og sjølvsagt hjelper alle kvarandre med alt. Pluss at det mesteparten av sumaren er ein eller fleire vener av gjengen på plass, samt fleire «woofare» (folk jobbar frivillig på økologiske gardar, mot kost, losji og læring.)

– Her er både turistar, folk på fjellltur til Mugnetind og mange lokale innom. Med såpass godt besøk og så mange trivelege tilbakemeldingar held vi ope heilt til 5. september når vi avsluttar stølinga for i år, informerar Østvold.

Opningstider: 11–17 onsdag-sundag, fram til 5. september.